Hopp til innhold

Dei to amerikanske brørne vert ikkje samde

FLORØ (NRK): Ein av dei mest særeiga amerikanske valkampane nokon sinne går mot ein slutt, men dei to norsk-amerikanske brørne Steven og Kenneth har ikkje vorte samde om kven dei skal røyste på.

Dei to norsk-amerikanske brørne vert ikkje samde om kven dei skal røyste på.

NORSK-AMERIKANARAR: Kenneth og Steven Standal er norsk-amerikanarar som bur i Florø, og dei har heilt motsett syn på kven die støttar ved valet i kveld.

– Hillary representerer dei som har styrt der borte dei siste 35 åra, og dei har jo ikkje gjort noko særleg, seier Steven Standal.

Norsk-Amerikanaren er ikkje overbegeistra over Trump, men likevel klar på at den kontroversielle kandidaten får støtta hans. Broren hans Kenneth Bjørbæk-Standal er likevel heilt usamd.

– Eg tykkjer ikkje dei er særleg gode nokon av dei, men sidan eg må velje, så røyster eg likevel på Clinton.

To amerikanske brør i Florø

USAMDE: Dei to brørne Standal klarar ikkje å bli samde om kven dei støttar i den amerikanske valkampen.

Foto: Josef Benoni Ness Tveit / NRK

Oppheita diskusjonar under middagen

Kenneth kan forstå noko av tiltrekkingskrafta mot Trump, men meiner likevel eigedomsmogulen er ueigna som president.

– Eg skjønar at folk likar å høyre det Trump seier. Eg forstår at folk er sinte og opprørte over systemet, og kor mykje pengar som er involvert i valkampane, men eg trur rett og slett ikkje at Trump vil fungere som president, seier Bjørbæk-Standal.

Broren Steven rister på hovudet av dette utsagnet.

– Trump vert jo uansett ikkje ein eineherskar. Alt han gjer skal igjennom senatet og kongressen, og dessutan har han mange dyktige folk i ryggen også.

– Korleis er stemninga under familiemiddagen når de er så ueinige, då?

– Det kan bli ganske oppheita, for vi er sta begge to. Men det går som oftast bra til slutt, fortel Kenneth.