Hopp til innhold

Fredag stansar Lerum-bilane i eit kvarter for å minnast Thea Øvrebotten (19)

Dei 15 sjåførane i Lerum Frakt kjem til å stanse bilane sine og stå i ro i 15 minutt fredag for å minnast Thea Øvrebotten.

Lerum-vogntog

STÅR I RO KLOKKA 13 FREDAG: Dette vogntoget og dei andre Lerum-bilane står stille i eit kvarter for å minnast Thea Øvrebotten.

Foto: Morten Listou

Den 19 år gamle sjåførlærlingen miste livet då lastebilen ho køyrde for utfor vegen og hamna i Sognefjorden mellom Nessane og Lånefjorden tysdag 8. oktober.

Morten Listou

- VIKITG Å VISE AT VI BRYR OSS: Dagleg leiar Morten Listou i Lerum Frakt.

Foto: privat

– Viktig å vise at vi bryr oss

Dagleg leiar Morten Listou i Lerum Frakt seier dei stansar bilane sine mellom klokka 13.00 og 13.15 komande fredag. Gravferda til Thea Øvrebotten tek til klokka 13.00 i Førde kyrkje.

– Samstundes stansar vi også utlastinga frå Lerum, så lageret blir stengt i det kvarteret. Eg synest det er viktig å vise at vi bryr oss, og minnast ho som gjekk bort.

– Har de andre transportørar i fylket med på markeringa?

– Eg har ikkje vore i kontakt med nokon, men eg har sett på Facebook at det er andre som kjem til å gjere det same andre stader i landet.

Han seier at dei fleste som driv med transport i Norge kjenner til kvarandre.

– Det er små forhold, og alle veit kven alle er, det er viktig å markere ei slik hending.

Bergingsarbeid

HAMNA I SJØEN: Lastebilen til Thea Øvrebotten blir heisa oppatt på vegen etter utforkøyringa.

Foto: Robert Jan Leerink

Oppmodar medlemmer om å stoppe

Ifølgje firda.no har Øvrebotten sin kollega, Wanja Halsør, teke initiativ til at lastebilsjåførar i Norge, Sverige og Finland skal stoppe opp eit kvarter fredag.

– Så langt ser det ut til at veldig mange kjem til å vere med, seier Halsør til avisa.

Norges Lastebileigar-Forbund (NLF) oppmodar også medlemmene sine til å stoppe fredag.

– Stoppen blir ein fin og verdig måte å syne vår medkjensle for Thea og familien hennar, seier nestleiar for NLF si avdeling i Sogn og Fjordane, Inge Råheim.