Hopp til innhold

Dei må betale eigedomsskatt til ein kommune dei ikkje bur i

STRYN (NRK): Stadig fleire kommunar innfører eigedomsskatt, og svært få vel å skjerme hytteeigarar som bur i ein heilt anna kommune.

Stig Jarle og Sølvi Ervik

MÅ OPNE LOMMEBOKA: Ekteparet Sølvi og Stig Jarle Ervik synest det er meir greitt å betale hytteskatt om pengane går til tilbod dei brukar, som oppgradering av turområde og løypenettet.

Foto: Silje Guddal / NRK

– Det er sånn bob, bob...

Det er hytteeigar Stig Jarle Ervik si oppleving av å betale eigedomsskatt til ein kommune han ikkje bur i. Familien bur på Stadlandet og har hytte i Stryn.

– Dei fleste betalar eigedomsskatt ein gong, men når du har hus og hytte og skal betale til to ulike kommunar og betale dobbel skatt synes eg kanskje det vert litt urettferdig, seier Ervik.

Frå og med i år har kommunar høve til å gi fritak for eigedomsskatt for fritidsbustader. Så langt har under ei handfull av kommunar nytta seg av den sjansen, ifølgje SSB.

Tosifra millioninntekter på hytter

– Det stadfestar at hytteeigarar er blitt eit enkelt offer. Det er lett for kommunepolitikarane å skrive ut eigedomsskatt for å saldere kommunebudsjettet, seier generalsekretær Morten Andreas Meyer i Huseiernes Landsforbund.

Stryn kommune får i overkant av 1,3 millionar kroner i eigedomsskatt frå hytteeigarane i år. Det blir likevel småpengar samanlikna med hyttetoppen i Norge, Trysil. Der bidreg dei 6530 hytteeigarane med heile 12,3 millionar kroner til kommunekassa.

Morten Andreas Meyer

ÅTVARAR: – Dei kommunane som belastar hytteeigarane for hardt risikerer å miste attraktiviteten og det kan gå ut over verdiskapinga og velferda i kommunen, seier generalsekretær Morten Andreas Meyer i Huseiernes Landsforbund.

Foto: Henriette Mordt / NRK

– Du deltek ikkje i kommunevalet, du har ingen innflytelse på korleis pengane vert brukt. I hyttekommunar bidreg hytteeigarane med vesentleg større midlar inn i kommunekassa, enn til infrastrukturen som hytteeigarane dreg nytte av, seier Meyer.

Inntekter frå hytteskatt 2017

Kommune

Tal hytter

Eigedomsskatt fritidsbustader

2017 (millionar kr.)

Promille

Trysil

6530

12.3

7

Sigdal

4736

12

2

Hemsedal

2100

0

0

Gol

2370

4.8

3.5

Stryn

1174

1.3

3

Larvik

4233

0

0

I Stryn er ikkje eigedomsskatten frå hytter øyremerka.

– Det er ikkje fleirtal i kommunestyret for å fjerne skatten, seier høgreordførar Sven Flo.

– Kva får hyttefolket att for å betale eigedomsskatt?

– Dei får lov å vere i ein fantastisk kommune, og vi legg til rette med infrastruktur, som tilbod i kulturhuset og i idrettsanlegg. Skulle dei bli sjuke, får dei legehjelp. Desse kronene finn dei igjen over alt, seier Flo.

Store variasjonar

Det er framleis store hyttekommunar som ikkje har eigedomsskatt, som Larvik og Hemsedal. Vera Adolfsen sel hytter i Buskerud, Oppland og Hedmark. Ho har ikkje inntrykk av at eigedomsskatt påverkar kvar folk bygger hytte.

Hyttefelt i Stryn

STADIG AUKE: I takt med fleire hytter, veks hytteeigarane sitt bidrag til kommunekassa i Stryn.

Foto: Silje Guddal / NRK

– Eg trur den totale kostnaden for kva det kostar å ha ei hytte ein plass, har større påverknad enn kva den reine eigedomsskatten har, seier Adolfsen som er dagleg leiar i DNB Eiendom Hedmark Fritid.

Meklaren viser til at hytteeigarar må også betale for renovasjon, løypekøyring og vegavgift.

– Hytteeigarane er opptekne av kva dei får for pengane sine, kva fritidsaktivitetar som er i området. Eg trur dei er meir opptekne av desse tilboda, enn å måtte betale eigedomsskatt, seier Adolfsen.

På hytta i Stryn var det klimaet og plasseringa som avgjorde hyttevalet for familien Ervik.

– Eigedomsskatten var eit stort minus, men det var ikkje det som var avgjerande, seier Ervik.