Hopp til innhold

Listetopp i Dei Kristne forsvarar Utøya-terroren

Dei Kristne sin toppkandidat i Luster ved sist lokalval, Reinert Vigdal, har – på oppfordring frå partileiinga – meldt seg ut av partiet etter ekstreme Facebook-innlegg.

Reinert Vigdal (montasje)

YTTERLEGGÅANDE: Reinert Vigdal, som var listetopp for Dei Kristne ved lokalvalet i Luster i fjor, rettferdiggjer terroraksjonen på Utøya i 2011.

Foto: Renate Sæle, Sogn Avis/Facebook

– Eg gav han fridomen til å melda seg ut sjølv. Viss nokon legg ut på Facebook noko som kan forsvara det Anders Behring Breivik gjorde, har dei ingenting i partiet vårt å gjera, seier fylkesleiar Bjørg Sølvi Refvik i Dei Kristne i Sogn og Fjordane.

Vigdal var listetopp til Dei Kristne i Luster ved lokalvalet i 2015 og har i lang tid posta ytterleggåande politiske innlegg på Facebook. Torsdag i førre veke la han ut ei melding, der han rettferdiggjorde Behring Breivik sine illgjerningar på Utøya 22. juli 2011.

Bjørg Sølvi Refvik

TEK AVSTAND: – Det er på tide at denne saka blir teken vekk frå Dei Kristne. Me er i mot alle former for terror, seier fylkesleiar og sentralstyremedlem Bjørg Sølvi Refvik.

Foto: Bård Siem

– Forbanna

På biletet i innlegget står Jonas Gahr Støre og dåverande AUF-leiar Eskil Pedersen på Utøya dagen før massedrapet, og attmed dei to held to AUF-arar eit banner med slagordet: «Boikott Israel».

  • Til dette biletet skriv Vigdal: «Denne reklamen var det Utøya-ungdommen presenterte like før ABB trådde inn i manesjen. Er det noko merkeleg at ABB ville ha vekk dette?»

– Som dei fleste av oss, blir eg forbanna, seier Torbjørn Vereide. Arbeidarpartipolitikaren er ein av dei som overlevde massedrapet på Utøya:

– Men i staden for å bruka billige retoriske poeng, slik han gjer for å oppnå dei hatefulle poenga sine, skal me ta debatten med skikkelege argument, og me skal visa at me står saman.

Meldt seg ut

Etter massakren har ikkje Vereide brukt mykje tid på å kommentera ytterleggåande ytringar. Éin grunn til at han gjer det denne gongen, er at ekstreme utsegner, ifølgje han, har fått betre grobotn, både i Norge og i verda elles.

Torbjørn Vereide desember 2015

DET EKSTREME SLÅR ROT: – Me vaknar no opp til ein kvardag med retorikk og handlingar som byggjer på hat og vald, anten det er presidentkandidat Trump eller folk som sit i kjellarane sine og hatar.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

– Det må me adressera. For det er avskyeleg å lesa om menneske om meiner at andre menneske skal døy, seier Vereide.

Etter at NRK kontakta fylkesleiar Refvik i Dei Kristne i førre veke, har Vigdal meldt seg ut av partiet.

NRK har i fleire dagar prøvd å koma i kontakt med Vigdal. I går ettermiddag sende han ein e-post, der han ikkje går inn i saka, men ber NRK kontakta fylkesleiar Refvik.

Facebook har fjerna Utøya-innlegget hans, men same dag posta han ei anna melding, der han spør om det ikkje var Jens Stoltenberg som lærte massedrapsmannen å laga bomber.

Nesten skoten

Refvik, som òg er sentralstyremedlem i Dei Kristne, seier at listetoppen aldri har vore aktiv i partiet og meiner at ytringane hans ikkje har noko med Dei Kristne å gjera.

Vereide, som nesten blei skoten på Utøya, tek ytterleggåande innlegg, som det frå Vigdal, på stort alvor:

– Eg har sett døden i kvitauget. Det har fått meg til å forstå at nokre av desse personane, som spøkjer om å drepa – anten det er muslimar, sosialistar eller andre, faktisk er førebudd på å utøva vald og drap.