Hopp til innhold

Dei kan vere aller best i landet

Florø har til gode å tape mot norsk motstand. I helga vann G14-laget Vålerenga Elite Tournament.

Florø G14

SUVERENE: Florø sitt G14-lag er utan tap mot norske lag i år - og dei har møtt fleire av landets storklubbar i løpet av sesongen.

Foto: Privat

Florø sitt G14-lag i fotball gjekk i helga heilt til topps i Vålerenga Elite Tournament.

Undervegs slo florøværingane Elverum 2-1, og Lyn og Vålerenga vart slegne 1-0. I finalen fekk Lillestrøm unngjelde med 3-0.

Best i landet?

Den imponerande prestasjonen føyer seg inn i ei rekkje sterke resultat i 2009. For Florø har vore med i fleire turneringar i år - og gutelaget har framleis til gode å tape mot norsk motstand.

Florø kan vere Norges beste G14-lag.

- Om vi er det beste? Eg vil iallfall påstå at vi er blant dei beste, seier trenar Geir Rindheim.

Spesielt gode spelarar

Florø har dei siste åra satsa på fotballakademi. Dette kan vere mellom grunnane til at G14-laget no gjer stor suksess.

Men Rindheim meiner også at han rår over ei spesielt god spelargruppe.

- Alle går veldig godt saman, og vi har innarbeidd ein god treningskultur. Sjølv om spelarane berre er 13-14 år, er dei veldig disiplinerte, mottakelege og veldig treningsvillige, seier trenaren.

Suverene i lokalserien

I den lokale serien er laget heilt utilnærmeleg, og vinn stort sett kampane sine med kalassiffer.

Den jamnaste kampen så langt denne sesongen var mot Florø 2...

På sju kampar har laget ein målskilnad på 49-4.

Det einaste tapet i år kom i kvartfinalen i Dana Cup mot eit meksikansk lag.

Må ut for matching

Trenar Rindheim meiner difor det er viktig å komme seg ut av fylket og møte gode lag.

- Det er ingenting i vegen med dei andre laga i serien. Men vi har fått eit forsprang på dei andre, og må ha matching mot dei beste. Då skal vi klare å utvikle oss vidare, seier han.

Vart krinsmeister

Neste år skal Florø tilbake til Dana Cup. Og då er målet å gjere det betre enn i år - då dei rauk ut i kvartfinalen.

- Vi set oss høge mål, seier Rindheim.

Tysdag kveld vann Florø 8-0 over Eid. Med det vart bruntrøyene krinsmeister i G14-klassen i Sogn og Fjordane. Eid er det nest beste laget i serien.