Hopp til innhold

Dei jaktar på skiglede og gode opplevingar

GAULAR (NRK): Ein gong i veka dreg Nærleiken barnehage på skitur til Langeland. Målet er ikkje å lage ei ny Marit Bjørgen av borna, men å skape skiglede.

Ein gong i veka i skisesongen dreg Nærleiken barnehage på skitur til Langeland i Gaular. Sveinung skal ikkje lage Marit Bjørgen av dei, men er oppteke av skiglede. Og det er ein spesiell bakke dei har lyst til å mestre.

VIDEO: Nærleiken barnehage tek med borna på tur til snø og skileik. Foto/red: Heidi Lise Bakke

Nærleiken barnehage i Førde køyrer sin eigen store bil med alle borna samla. Det er eit styr å få alle ungane ut og med rette skia.

– Jo da, men styr er kjempegøy det! Så dette liker vi, seier pedagogisk leiar Sveinung Nordtveit.

I dag har dei som mål å skli ned ein heilt spesiell bakke. Kjem Nomi og Una som går i barnehagen til å klare det i løpet av dagen?

Nordtveit har full kontroll over borna. Ungane blir tekne med på tur i nesten all slags vær.

Sveinung Nordtveit og Cornelius

EI HJELPANDE HAND: Sveinung Nordtveit har mange å hjelpe. Her er sistemann Cornelius sin tur.

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

Det viktigaste er at borna får gode opplevingar og erfaringar.

Det å la ungane få utfolde seg, er topp. Så får vi heller tole å kave og mase litt, seier han.

I dag er det ein spesiell bakke dei har lyst til å meistre. Det er bakken ned til stadion og i dag skal dei prøve seg.

Langeland skisenter

MÅLET: Det er denne bakken ned til stadion på Langeland skisenter dei vil prøve seg på.

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

Gamalt klister gjer ingenting

Ungane kjenner godt området og dei gjer seg klare. Han har ikkje krav til noko som helst anna enn at borna må ha ski og stavar. Han er ute etter skiglede.

Nomi Kirkebø Vie

KJEKK DAG: Nomi Kirkebø Vie får mykje skiglede.

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

– Kanskje er det nokon som har klister frå påska i fjor, men det gjer ikkje noko.

Det viktigaste er å ha ski på beina. Sveinung har opplevd mykje moro med born som har ski på beina for fyrste gong. Dei har ei bratt læringskurve og klarar det forholdsvis kjapt.

– Det er klart at vi tek det som ein bonus at dei kanskje kan bli så gode at eg kan sitje på gamleheimen og sjå at dei vinn pokalar. Men det er ikkje så nøye.

Dei har det gøy. Men det kan og bli litt konflikt og konkurranse dei imellom.

Nomi Kirkebø Vie og Una Haugsvær Gamlestøl

UTFORDRING: Nomi Kirkebø Vie og Una Haugsvær Gamlestøl skal prøve seg i bakken.

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

Nomi og Una skal prøve seg på bakken. Begge blir fem år dette året og har vore med tidlegare. I starten så tykkjer nok Nomi at Una går litt sakte, men etter kvart går det betre. Ein av dei blir nok litt overraska då den andre plutseleg berre går heilt opp i bakken og står heilt ned fyrste gongen ho prøver.

Men kven av dei som fyrst klarer å stå ned bakken, ja det må du sjå i videoen eller i Norge Rundt. Du kan også sjå borna i Norge Rundt på NRK 1 fredag 13. februar kl. 19.40