Hopp til innhold

Dårleg besøk på Urmakarens hjarte

Teaterstykket Urmakarens hjarte har så langt floppa i Sogn og Fjordane.

Teatersjef Terje Lyngstad seier at framsyningane i Førde stort sett har gått bra, men at dei vidare i turneen slit med interessa.

Teatersjef Terje Lyngstad Sogn og Fjordane teater

HÅPER PÅ MEIR FOLK: Teatersjef Terje Lyngstad håper mange kjem og ser stykket etter påske.

Foto: Steinar Lote / NRK

– Nå vi kjem ut på turne i Sogn og Fjordane og spelar stykket som opne framsyningar, så opplever vi at det er liten interesse for Urmakarens hjarte. Vi håper at det tek seg opp etter påske, for det er strålande teater, seier han.

Det starta bra i Førde. Først i fjor sommar då det blei spelt under Førdefestivalen.

– No i mars var det eit par hundre som såg stykket under dei første framsyningane. Men på slutten av speleperioden var det svært liten interesse. Det tykkjer eg er trasig.

Taklar sorga i fantasiverd

Det er kunstnarparet Miriam Prestøy Lie og Torkil Sandsund står bak førestellinga. I Urmakarens hjarte møter vi Runa på 12-årsdagen sin, eitt år etter at mor hennar miste livet i ei trafikkulykke. Noko hender som gjer at ho finn inngangen til eit mystisk parallelt univers, i form av ein skog.

Stykket viser korleis Runa taklar sorga gjennom ei fantasiverd, og rettar seg hovudsakleg mot born og unge i alderen 9–15 år.

Trur aldersgrensa øydelegg

Teatersjef Terje Lyngstad trur det er fleire grunnar til at stykket går dårlegare enn venta. Han peikar mellom anna på aldersgrensa på ni år.

– Dette er ein eventyrthriller med litt skumle scener, difor blei det niårsgrense. Men eg er eigentleg tilhengar av at vi ikkje skal ha aldersgrenser. Skrekkblanda fryd er ein del av det heile og at ein må våge å la born sjå det som er litt skummelt. Det er jo så mykje av slikt på TV og internett no om dagen.

Måtte kutte framsyningar

Når det gjeld økonomien, seier Lyngstad at besøket ikkje har hatt så mykje å seie.

– Vi har ikkje budsjettert med dei store billettinntektene. Det som er viktig er å ha kontroll på er kostnaden. Riggetida blei lenger enn vi venta og timeplanen går ikkje heilt opp.

For å unngå overtidsutbetaling, har teateret droppa seks framsyningar etter påske. Men det er framleis ein del spelestader att, og no håper teatersjefen at folk vil ta turen når turneen startar opp att.

– Stykket har fått bra kritikkar og dei som har sett stykket har likt det veldig godt. Eg håper verkeleg at folk vil komme og bedømme sjølv, seier Lyngstad.