Hopp til innhold

Dansefestival knuste rekorden

Nok ei festivalhelg er over - og nok ein rekord er notert.

Feststemde festivaldeltakarar poserer for fotografen.

God stemning, godt besøk og mange smil oppsummerer årets utgåve av Sande dansefestival.

Foto: Runa Victoria Engen / NRK

Festivalan har kome som perler på ei snor i sommar, og besøka har vore bra. For knapt ei veke sidan Norsk Countrytreff kunne melde om nytt rekordbesøk under countryfestivalen på Breim . I helga stod Sande dansefestival for tur.

- Vi har ikkje heilt oversikt, men reknar at mellom 2 500 og 3 000 har vore innom dørene. Vi ser kva som har gått inn og ut, så det er heilt klart ein god rekord, fortel Per Kapstad.

- Beste festivalen

Festivalen på Senneseth Gard i Gaular såg dagens lys i 2006. Rekorden skriv seg frå andre leveår med 2 700 besøkande. I fjor tok 1 800 turen til Sande.

- Vi starta torsdag med å doble tal campingjester frå i fjor. Så hadde vi full fart med Ole Ivars på fredagen. Også då vart det rekord. Laurdag var kjempebra. Vi har hatt den beste festivalen sidan vi starta for fire år sidan, seier Kapstad.

Greie vergudar

Først måndag reknar Kapstad med å ha oversikt over besøkstal og omsetnadstal. Men han fortel at dei første gjestene kom allereie onsdag.

- I fjor hadde vi dårleg ver på torsdagen, og litt nedgang i besøkstalet. Men i år var veret bra heile tida. Spesielt besøket på festivalcampen var bra i år. Vi har plass til 250 gjester, men det var ikkje heilt fullt, seier han.

Er store nok

Besøket hjå mange av festivalane er stigande. Mange av dei vel å utvide for å kunne huse fleire. Det er ikkje planen for festivalen på Sande.

SJÅ BILETGALLERIA FRÅ FESTIVALHELGANE TIL VENSTRE.

- Vi har ikkje behov for å vere noko større. Vi er 30-40 personar som samarbeider godt og trivast med dette. Infrastrukturetn kan takle 3 000 gjester, og det meiner vi er nok. Kanskje klarer vi det allereie til neste år, seier Kapstad.

Suksess for traktor take-away

Arrangørane gjorde i år fleire nye grep. Kjøpeburger og pølser vart bytta ut med hjorteskolt, mandelpotet, pannacotta og ein eigen heimelaga burger. I tillegg køyrde ein 50 år gamal traktor rundt til gjestene med mat. Endringane avspeglar seg i omsetnaden, meiner Kapstad.

- Det var eit positivt innslag. Folk lurte litt då det kom ein gamal traktor med grill og selde hamburgarar. Men dei selde veldig bra. Eg vil tru at spesielt salget har vore heilt utruleg i år, seier han.

Ingen problem

I år toppa Ole Ivars og Sie Gubba artistlista. Også PK & Dansefolket, Steinar Engelbrektson, Olav Stedje, AristoCats og Wapo spelte iløpet av festivalhelga.

- Stemninga har vore heilt upåklageleg. Alt har gått smertefritt og det var lite problem. Ingen vart køyrde fekk på grunn av fyll. Det er stort sett folk som vil ut å danse, og ha det moro, fortel Kapstad.