Hopp til innhold

Dansa på breen

Ein av dei mest kjende dansefotografane i verda held kurs i Sogn, og måndag skulle dansarar frå den norske opera forevigast.

Video nsps_upload_2009_7_27_19_18_36_1298.jpg
Denne videoen er dessverre ikke tilgjengelig. Kontakt oss dersom du har spørsmål.

Video: fotosession på breen.

Den uvanlege fotoseansen kom i stand takka vera 20-år game Thomas Morel frå Vik.

- Alt går som smurt fordi eg har jobba ganske hardt. Eg har ikkje sove så mykje dei siste 10 dagane. Eg var veldig usikker på om denne ideen let seg gjennomføre, men det er ein deilig følelse å få stadfesta at det går så bra som det gjer.

Trudde ikkje det var mogleg

Lois Greenfield er ein av verdas mest kjente dansefotografar. Ho har teke turen for å være læremeister for andre. Noko ho aldri hadde trudd då ideen vart presentert.

- Vi er midt i ingenmannsland. Korleis skulle vi få tak i utstyr og dansarar ? Men eg fekk beskjed om at vi fekk sjå.

- Det var ein ide som høyrtes ut til å vere fantastisk, men umogleg. Men her er vi.

Sjå bilete av dansarane i dei spektakulære omgivnadane i videoen over.