For overkapasitet i næringa fører til at det allereie i dag er knallhard kamp om å få tak i fisken. Det stadfestar dagleg leiar på Bremanger Fryseri, Eilif Hammersland.
Overkapasitet
Det var i førre veke at Domstein la fram planane om ei utviding av produksjonen av sild på anlegget på Trollebø. Totalt investerer bedrifta for 45 millionar kroner i nytt produksjonsutstyr, noko som vil gje 20 nye arbeidsplassar. Men samstundes kan dette føre til kroken på døra for andre og mindre mottak. For fleire NRK har snakka med innan næringa er bekymra for den store overkapasiteten som dei meiner blir større med Domstein si utviding.
Høgare pris på silda
Allereie i dag fører denne overkapasiteten til at kampen for å få tak i råstoff er hard. Prisane har gått kraftig opp. Dette er sjølvsagt godt nytt for salsleiar Kenneth Garvik i Norges sildesalslag. Han er svært positiv til utviklinga og trur Domstein si utviding vil gjere til at meir sild blir bearbeidd i Norge. Men også han seier at kampen om fisken iallfall ikkje blir enklare i åra som kjem. Det er for lite fisk til alle. Og slik det har vore dei siste åra blir det ikkje meir fisk, seier Garvik.