Dame (90) varsla ran heime

Politiet rykka torsdag ut til Øvre Dreggsalmenningen i Bergen sentrum etter at ei 90 år gamal dame løyste ut tryggleiksalarmen. Ho hevdar å ha blitt rana.

– Ein bebuar, ei eldre dame på 90 år seier ho har blitt rana av to personar som har gått frå leilegheita hennar, seier Kjersti Eidsnes som er operasjonsleiar i Hordaland politidistrikt.

Meldinga kom inn frå Bergen legevakt klokka 18.10, og knappe ti minutt etter var politiet på staden.

– Der er det sagt at det er to personar som skal ha sprunge derfrå, og foreløpig har me ikkje nokon god beskriving av dei, seier Eidsnes til NRK.

Dei to personane skal ha gått i retning Birkebeinersenteret.

– Kva som har skjedd med dama, og på kva måte dette har skjedd, det veit me ingenting om enda, seier Eidsnes til NRK like etter 18.20

Trengde seg inn

Like før klokka 19.00 skriv politiet på Twitter at to menn skal ha trengt seg inn i leilegheita. Det er uvisst om dei har tatt noko.

– Dei to skal ha ringt på, skal ha dytta vekk dama, og skal ha tatt seg inn i leilegheita og romstert der, seier Eidsnes.

Dei mistenkte skal vera to yngre, pent kledde menn, med asiatisk utsjånad.

– Eg har nettopp fått tilbakemelding frå patrulje om at me har arrestert to personar i Bergen sentrum som svarar til beskrivinga som er gitt av dama, seier Eidsnes like etter klokka 19.00 til NRK.

Kort tid etter melder politiet at dei to var ikkje dei riktige personane, og politiet leitar framleis etter mistenkte.

Laster Twitter-innhold
Laster Twitter-innhold