Hopp til innhold

Dale Sko vil ikkje gi opp - har stor tru på designsko

Konkurskravet mot Dale Sko i Fjaler kjem samstundes som verksemda står på trappene med ein ny modell designsko.

Dale Sko - fabrikkutsal
Foto: Ottar Starheim / NRK

Dagleg leiar Stein Grov Eilertsen seier til Firda at Dale sko har ein ordrereserve og forventa sal på seks millionar kroner.

– Det har kosta oss mykje å utvikle dei nye kolleksjonane og vi er no i ein hektisk salsperiode. Det er no inntektene kjem, seier han til avisa.

I dokumentarserien "Jobben er livet" denne veka, kunne ein sjå kor vanskeleg tilværet er blitt for den vesle skofabrikken etter at dei mista storkontrakten på uniformsko til Forsvaret i fjor.

Eilertsen stadfestar at verksemda har ubetalt moms, men seier samstundes at Skatt Vest som krev konkursen ikkje godtok nedbetalingsplanen Dal sko fremja.

Den daglege leiaren vil ikkje ut med kor stort kravet er, eller når det skulle vore betalt.

– Men blir det konkurs, så går vi i alle fall ned med flagget til topps, seier han.