Hopp til innhold

Dale Sko flaggar ut frå Fjaler

Den tradisjonsrike verksemda Dale Sko flyttar produksjonen delvis til utlandet og delvis til Aurland eller Voss.

Dale Sko

DEFINITIVT SLUTT: Det vil ikkje lenger bli produsert sko i desse lokala i Dale sentrum.

Foto: Randi Indrebø / NRK

- Det er ikkje mogleg å halde fram i dagens lokale, seier eigar og leiar Stein Grov Eilertsen til Firda.

LES MEIR OM SKOPRODUKSJON I DALE I FYLKESLEKSIKONET

Sidan 1899 har det vore produsert sko i kommunesenteret i Fjaler. No er det definitivt slutt også for Dale Sko.

- Ein kan ikkje leve berre på tradisjon, seier dagleg leiar Stein Grov Eilertsen til Firda.

LES OGSÅ:

Vurderer å flytte til Aurland eller Voss

Dale Sko tapte i fjor anboda på uniformssko til politiet og forsvaret, og fabrikken vart difor nøydd til å seie opp dei 11 tilsette.

No flyttar dei produksjonen av uniformssko til Sør-Europa. Produksjon av bunadssko og selskinnssko skal halde fram i Norge, men Dale Sko meiner denne satsinga er uråd å halde fram med det gamle produksjonslokalet i Fjaler.

Noko av grunnen er at dei fyrte for 80.000 kroner berre i november og desember - utan at det vart varmt i lokala. Eilertsen har no sett på aktuelle lokale i Aurland og Voss, og håpar ifølgje Firda å kunne flytte i løpet av våren.