Hopp til innhold

Då mora skulle gravleggjast, var det ikkje hol i bakken. Så forsvann kista

Det meste som kunne gå gale, gjekk gale på gravferdsdagen til mora. – Dette var ikkje noko greitt, seier sonen.

Roy Tennebø og familiemedlem på veg for å senke kista i jorda

GRAVFERD: Det vart seint på kveld før grava var klar. Roy Tennebø til høgre ved kista.

Foto: Privat

Denne artikkelen er felt i Pressens Faglige Utvalg for brot på god presseskikk etter Ver varsam-plakaten sitt punkt 3.2 om kjeldekritikk og kontroll av faktiske opplysningar. Uttalen frå PFU kan lesast her: NRK felt av PFU.

PFU

NRK presiserer at det er gjort fleire endringar i saka etter publisering, på grunn av usemje om tidspunkt og hendingsforløp. Sjå faktaboks for detaljar. NRK beklager at dette ikkje var tatt med då saka først vart publisert.

Sist måndag skulle Roy Tennebø og familien gravleggje mora, Ranveig I. Tennebø.

– Vi blei mildt sagt slått ut etter heile opplegget, seier han til NRK.

Gravferda skulle vere på ein måndag då prestane i Måløy har fri, og familien ordna sjølv med gravferd hos Frelsesarmeen der mora hadde vore aktiv.

I tillegg kontakta dei Gravferdshjelpa Nordfjord AS. Der kom dei i kontakt med Tore Lund, gravferdsagenten som skulle ordne med gravstad og andre praktiske ting.

Ranveig I. Tennebø

MOR: Ranveig I. Tennebø var soldat i Frelsesarmeen i 71 år. Ho blei 95 år gamal.

Foto: Privat

Kaketrøbbel

Måndagen starta med at kaka familien hadde bestilt frå ein daglegvarebutikk til gravferda hadde gått i gløymeboka.

– For 14 dagar sidan hadde vi bestilt ei stor kake frå den lokale butikken her. Då vi kom dit, var der inga kake, fortel Tennebø.

Butikken heiv seg rundt for å ordne med ny kake. Då dei endeleg fekk tak i ei erstatning, var den ikkje heilt som venta.

– Den kaka dei fekk tak i var ei stor kake som nokon andre ikkje ønskte den dagen, og på den kaka stod det «Gratulerer med 50-års dagen».

Den noko upassande helsinga blei skrapa vekk, og dei kunne servere kaka i minnestunda. Tennebø trudde då at ikkje meir kunne gå gale den dagen.

Kake til minnestunda

KAKE: Dette er kaka etter at bursdagshelsinga blei skrapa vekk.

Foto: Privat

Grava mangla

Men så feil skulle han ta.

Då Tennebø og resten av gravfølgjet reiste ut til Holvik for å gravleggje mora, skjedde noko utenkeleg.

– Vi stod der som nokre spørsmålsteikn. Der var ikkje noko hol å senke kista ned i.

Grava var rett og slett ikkje graven opp.

Det blei mykje diskusjon med gravferdsagenten om kven som skulle ordne med bestillinga av grava.

Tennebø er ikkje i tvil om at det ansvaret låg på gravferdsbyrået.

Gravfølgjet reiste tilbake til Frelsesarmeen sitt lokale der minnestunda skulle haldast, medan Lund ringde etter nokon som kunne grave.

Kista forsvann

Dei næraste måtte returnere frå gravplassen og byrja med minnestunda rundt halv tre på dagen. Men då minnestunda nærma seg slutten, oppdaga Tennebø og familien at gravferdsagenten hadde rydda ut av lokalet der gravferda blei haldt og teke med seg pynten og reist. Dette rommet var delt av med ein skyvevegg.

Ikkje før fleire timar seinare høyrde dei frå Lund.

Familien opplevde at kista med den avdøde mora var som sporlaust vekke.

Ifølgje agenten gav han beskjed på gravplassen om at kista skulle bli frakta til eit kjølerom på Kulatoppen bu- og omsorgssenter. Fleire i familien nektar for dette.

– Mellom klokka tre på ettermiddagen og halv åtte på kvelden visste vi ikkje kvar kista var, hevdar Tennebø.

Fekk tak i gravar på kveldstid

Etter kvart ringde agenten og fortalte at han hadde fått tak i ein gravar og at grava ville vere klar til klokka 20.00. Familien og gravferdsagent Lund er ueinige om når på kvelden denne telefonsamtalen fann stad.

Tennebø fekk med seg nokre familiemedlemmar som kunne bli med han ut att til gravplassen i Holvik og hjelpe til med å senke kista i jorda.

– Klokka 20.10 på kvelden fekk vi til slutt mor mi i grava.

Kvifor grava ikkje var klar då gravfølgjet kom til gravstaden, ønsker ikkje gravferdsagent Tore Lund å kommentere til NRK.

Men Lund fortel at han reiste med bilen som kista var i fordi han ikkje visste om grava ville bli klar den kvelden.

Han seier vidare at han ikkje var i kontakt med Roy Tennebø om dette, men at han varsla andre familiemedlemmar om at han reiste og kvar han skulle. Då han fekk vite at grava ville bli klar, kontakta han Tennebø med ein gong.

– Det er jo litt krise

André Stangeland er major i Frelsesarmeen, og det var han som stod for seremonien inne i lokalet.

Sjølv om gravferder ikkje er det majoren har gjort mest av, har han likevel aldri høyrt om liknande tidlegare.

– Eg har ikkje opplevd dette nokon gong før, og takk og lov for det.

Han fortel at Tennebø prøvde å ta det heile med ei litt spøkefull tone, men Stangeland kunne sjå fortvilinga i uttrykket hans.

– Det er jo litt krise når ein reiser ut for å senke kista i jorda og så er det ikkje klart.

Hendinga har sett spor i Roy Tennebø.

Han fortel at han ikkje har vore i kontakt med Tore Lund eller andre etter gravferdsdagen. Han håper no at ingen andre skal oppleve det same.

– Eg synest ikkje at dette var noko greitt. Eg håper ikkje at andre må oppleve det same.

Holvik gravstad

HOLVIK GRAVPLASS: Omsider fekk Roy Tennebø og familien ei grav å gå til.

Foto: Bjarne Eldevik