19.03.2010

Vil bli kvitt rånarane

Varehussjef Geir Iversen, Coop Extra i Førde (NRK)

Om lag 50 rånebilar skremde Coop-kundar. No set butikken opp overvakingskamera.

- Vi ser mykje gummi som ligg att på asfalten. Det ser ikkje akkurat så pent ut. Den kvite oppmerkinga vår er til dels vekke, seier varehussjef Geir Iversen ved Coop Extra på Kronborg i Førde.

Les og: Usemje om råning er kunst

Det er god plass utanfor den store asfalterte plassen utanfor Coop Extra på Kronborg i Førde. Ein plass som er tenkt til parkering for 380 bilar. Men seinast 5.mars i år møttest 60 bilar til "gatemøte" eller streetmeeting her.

Høg fart

- Dei burna rundt på området. Så køyrde nokon rundt bygget og passerte inngangspartiet i veldig høg fart, seier varehussjefen var sjølv var til stades.

Dette skjedde i skumringa og i opningstida.

- Det var 40-50-60 bilar her i opningstida. Då vart mange frista til å drive med det eg kallar idiotkøyring framfor inngangspartiet, seier Iversen.

Han rapporterte hendinga til politiet, men har ikkje gått til det steget å melde villmannskøyringa til politiet.

- Vi håpar jo at dei skal ordne opp sjølve. At dei skal innsjå at dette er farleg.

Overvakingskamera

- Eg har forståing for at det går sport i dette, men dei må forstå at vi ikkje ynskjer dei utanfor eit forretningslokale der tryggleiken til kundane våre har førsteprioritet.

No set butikken opp kameraovervakingsutstyr for å kunne dokumenere den verste villmannskøyringa.

- Politiet ynskjer sjølvsagt at vi skal anmelde. Men i førsteomgang set vi opp kamerautstyr så vi kan dokumentere grove tilfelle.

- Når gjer de det?

- Det gjer vi alt på torsdag.

Kommentarsystemer er levert av Disqus. NRK står ikke ansvarlig for misbruk av Disqus gjennom andre installasjoner enn på NRK.
Skirapport Sogn og Fjordane
Skisenter Ver Siste snøfall
Levert av Skiinfo.no
Breimsbygda 11/02 (15 cm)
Sogndal Hodlekve 17/03 (15 cm)
Jølster 18/03 (10 cm)
Harpefossen 17/03 (15 cm)
Sogn Skisenter 16/03 (20 cm)
Stryn 17/03 (40 cm)
Sunnfjord 16/03 (20 cm)
Nynorsk mediesenter
Lutt

Siste: Sogn og Fjordane

Biletgalleri frå Sogn og Fjordane