Hopp til innhold

Clas Ohlson til Førde og Sogndal

Den svenske butikkjeda Clas Ohlson kjem til Førde og Sogndal. Dermed kjem nok ei stor kjede til Sogn og Fjordane.

Clas Ohlson
Foto: Pressefoto

Den svenske butikkjeda har spesialisert seg på artiklar for teknikk, hus, heim og hobby. I Sverige blir den kalla «pappa-dagis» fordi det er ein type butikk mange mannfolk likar.

«Alt-mogleg»-butikken skal opne ein 1000 kvadratmeter stor butikk i Handelshuset i løpet av 2012-2013. Dagleg leiar ved Handelshuset, Jostein Fredly, er glade for at svenskane etablerer butikk i Førde.

– Vi har arbeidd ei stund med å få dei til Førde, så vi er nøgde med at dei no har teikna kontrakt.

Han seier at kjeda kjem med fullt vareutval, men at det enno ikkje er heilt klart når butikken er ferdig til opning.

Butikken i Sogndal skal opnast i løpet av 2013. Clas Ohlson har i dag butikkar i Skandinavia og Stortbritanina. Med nyetableringane i år og neste år, blir det til saman 63 butikkar i Norge.