Hopp til innhold

Bergen Høgre snur maktkampen opp ned – For meg er det ei gåte, seier byrådsleiarkandidat Hove

Etter personstrid og maktkamp mellom mannlege partitoppar i Bergen Høgre, vil nominasjonskomiteen no ha full utskifting. Høgres gruppeleiar og byrådskandidat seier han er overraska.

Harald Victor Hove, gruppeleiar for Høgre i Bergen bystyre

OVERRASKA: Byrådsleiarkandidat for Høgre, Harald Victor Hove, seier han er overraska over at nominasjonskomiteens fleirtal nå peikar på Christine Meyer.

Foto: Bergit Sønstebø Svendseid / NRK

– For meg er det ei gåte, også fordi me har hatt tre månader bak oss med grundige prosessar i partiet.

Det seier Høgres mangeårige gruppeleiar i bystyret, Harald Victor Hove.

I fleire månadar har det pågått ein hard kamp på bakrommet i Bergen Høgre om kven som skal toppa laget fram til kommunevalet hausten 2023.

Leiar i Bergen Høgre, Eivind Nævdal-Bolstad, utfordra Hove i kampen om å bli Høgres byrådsleiarkandidat.

Inn frå sidelinja

Tysdag morgon skreiv BT at det hadde kome eit ganske overraskande namn inn frå sidelinja i siste liten.

Fleirtalet i nominasjonskomiteen har nemleg bestemt seg for å vraka Hove som listetopp før lokalvalet 2023.

I staden peiker de på tidlegare direktør i Statistisk sentralbyrå (SSB) og Konkurransetilsynet, Christine B. Meyer.

– Eg er veldig glad for at eit fleirtal stiller seg bak mitt kandidatur, seier ho.

Hove er overraska over utviklinga.

– Alle partilag har anten peika på meg, Eivind Nævdal-Bolstad eller på oss begge – og då var det vel mange som forventa at valet sto mellom oss to. Så må nominasjonskomiteen gjera greie for kvifor dei har valt eit helt anna alternativ som ingen visste var eit alternativ.

Han legg til at han har fått «overveldande mange støtteerklæringar»

Christine Meyer

FRÅ SIDELINJA: Christine Meyer vart i siste augneblink nominasjonskomitéens favoritt til å bli Høgres byrådsleiarkandidat i Bergen (arkivfoto).

Foto: CHRISTIAN KRAKENES / NRK

Maktkamp

Sjølv om partiet gjer det bra på lokale meiningsmålingar, har det vore mykje fokus på maktkampen om toppvervet. Mellom anna har det kome fram krass kritikk og intern misnøye med Hoves leiarstil i partiet.

Ifølge leiar i nominasjonskomitéen, Hilde Onarheim, kom Meyer sitt namn på bordet så seint som 23. mai.

– Grunnen til at eg kasta meg inn i siste augneblinken, er først og fremst fordi eg føler så sterkt for Bergen, seier Meyer til NRK.

Meyer var sjølv medlem i nominasjonskomitéen inntil ei veke sidan, men har no «bytt hatt» og blitt komitéens førsteval.

Det kommenterer ho slik:

– Då eg gjekk inn i komitéen var eg oppteken av å finna den beste kandidaten. Undervegs har det gått opp for meg at det er såpass sterk indre uro i Høgre. Eg bestemte meg då for å stilla meg til disposisjon, tre inn og prøva å vera ein samlande kandidat for partiet.

«Fantastisk kandidat»

Nævdal-Bolstad seier til NRK i dag at han trekker sitt kandidatur. Han beskriv Meyer som «ein fantastisk kandidat».

– Eg er strålande nøgd med at Christine har stilt seg til disposjon som byrådsleiarkandidat.

Han seier han fekk vita om Meyers kandidatur på søndag, altså for to dagar sidan, og ei veke etter at Meyers namn kom på bordet førre måndag.

– At komiteen meiner Christine er ein betre kandidat enn meg, lever eg veldig godt med.

– Trur du dette har skjedd fordi verken du eller Hove ville klart å samkøyra partiet?

– Det blir hypotetisk. Eg meiner Christine er ein samlande og god kandidat.

Eivind Nævdal-Bolstad

ØNSKjER MEYER: Leiar i Bergen Høgre, Eivind Nævdal-Bolstad, trekker seg som byrådsleiarkandidat fordi han meiner Meyer er betre.

Foto: Paul André Sommerfeldt / NRK

To erfarne kvinner

Samstundes melder BA tysdag morgon at Marit Warncke seglar opp som partiets ordførarkandidat. Ho har vore administrerande direktør i Bergen Næringsråd i 15 år.

Marit Warncke

FRÅ BUSINESS TIL POLITIKK: Direktør Marit Warncke i Bergen Næringsråd kan bli Bergens nye ordførar (arkivfoto).

– Dette er ei fantastisk tillitserklæring som eg er veldig glad for, men per no er eg jo berre innstilt, ikkje vald. Det blir opp til partiet, seier ho til NRK.

Med nominasjonskomitéens innstilling kjem no Meyer (57) og Warncke (64) inn i kampen om makta i Bergen Høgre, med Hove (39) som Meyers utfordrar, når Nævdal-Bolstad (35) ikkje lenger er aktuell.

Mindretalet i nominasjonskomiteéen støttar Hove. Komitemedlemmene Hilde Onarheim og Dan Femoen står bak denne innstillinga.

– Det er to sterke kandidatar som no er innstilte av komitéen, seier Warncke om Meyer og Hove.

– Er det dei erfarne damene som no skal redda Bergen Høgre?

– Eg er veldig glad for at Marit vil bli ordførarkandidat. Ho er eit fantastisk val. Ho vil kunna gjera ein fantastisk jobb som ordførar for Bergen, seier Meyer.

Var SSB-direktør i maktkamp

Meyer er utdanna siviløkonom og er professor i strategi og endring ved NHH. I tillegg til direktørjobbane har ho mellom 2001 og 2011 vore helsebyråd og finansbyråd i Bergen under byrådsleiar Monica Mæland, og statssekretær i Arbeidsdepartementet under Bondevik 1-regjeringa.

I 2017 storma det rundt Meyer som SSB-direktør. Ho var i open konflikt med dåverande finansminister Siv Jensen som ikkje lenger hadde tillit til henne. Meyer kjempa intenst i offentlegheita mot å måtta gå av, men måtte gi seg.

Justis- og beredsskapsminister Monica Mæland

VIL HA HOVE: Tidlegare statsråd Monica Mæland støttar Hoves kandidatur (arkivfoto).

Foto: Stian Lysberg Solum

Før kommunevalet i 2019 utelukka Meyer at ho var aktuell som listetopp for Bergen Høgre.

Høgres leiar Erna Solberg vil ikkje uttala seg om nominasjonskampen i Bergen Høgre, opplyser hennar pressetalsmann Rune Alstadsæter til NRK.

Det vil derimot tidlegare statsråd Monica Mæland, som også var byrådsleiar i Bergen frå 2003 til 2015. Ho hadde Hove som politisk rådgjevar i 2007–2009 og byråd i 2009-2015, og hadde Meyer som byråd i 2008–2011.

Om kven som bør bli Høgres byrådsleiarkandidat, skriv Mæland tysdag til NRK:

– Mi støtte til Hove har ikkje endra seg. Utover det har eg ingen kommentar.

Hove gir seg ikkje

Hove sjølv har heile tida understreka at han trekker seg viss han ikkje blir partiets byrådsleiarkandidat.

Men han gir seg ikkje sjølv om fleirtalet i nominasjonskomiteen no har vraka han.

– Eg er klar for å fortsetta for Bergen og Høgre dersom partiet ønskjer det. No er det opp til partimedlemmane.

Det skriv Hove sjølv tysdag føremiddag på Facebook, før han gratulerer Warncke med ordførar-nominasjonen.

Til NRK seier han at ønskjer ein ryddig prosess fram til 15. juni då representantskapet skal stemma fram sin ønskte kandidat.

Eg er oppteken av at vi kan samlast som parti etterpå. Dette har vore ein krevjande prosess for nominasjonskomiteen med fleire kandidatar. At det reiser ein del spørsmål er forståeleg.

(Retting: I ein tidlegare versjon skreiv NRK at Hove gratulerte Meyer. Det stemmer ikkje: Han nemner ikkje Meyer.)

Harald Victor Hove

GIR SEG IKKJE: Gruppeleiar Harald Victor Hove held fast ved ønsket om å bli byrådsleiar sjølv om nominasjonskomiteen vrakar han som toppkandidat (arkivfoto).

Foto: Leif Rune Løland / NRK

Charlotte Spurkeland var tidlegare spelt inn som eit aktuelt namn til både byrådsleiarkandidat og ordførarkandidat for Bergen Høgre.

No gir ho si fulle støtte til Meyer og Warncke.

– Eg vart så glad då eg såg innstillinga. Det er friskt og det skal bli gøy å driva valkamp for to så bra damer. Eg trur Christine er rett kvinne på rett plass, skriv Spurkeland til NRK.