Hopp til innhold

Byter ut fire bandmedlemmer

- No skal vi halde auditions, seier frontfigur i Steinar Engelbrektson Band, Steinar Engelbrektson.

Steinar Engelbrektson

ENDRAR BANDET: Steinar Engelbrektson er på jakt etter nye medlemmer til bandet sitt med same namn som han sjølv og lovar meir dansbar musikk på nyåret. Her frå konserten i Førde i helga.

Foto: Privat

- Det er fire som no sluttar og så tek vi med to nye, fortel Steinar Engelbrektson, frontfiguren i bandet med same namn.

Lenge til neste konsert

I helga spelte dei for omlag 700 i Førde, og det vert den siste konserten på fleire månader. No står nemleg audition for tur.

- Vi skal bruke dei neste to månadane på å finne dei medlemmene vi vil ha med i bandet og gjere dei klare for konsert som er booka inn over nyttår, fortel Engelbrektson.

Alf Rune Mølbu, Maron Sandvik og Eivind Skjerdal er mellom dei som forsvinn ut av bandet, men vokalisten seier det ikkje ligg noko dramatikk bak dette.

Utfordrande økonomisk

- Ein skal byrje å jobbe i utlandet, ein annan skal satse vidare med andre musikarar og så handlar det sjølvsagt om kostnader. Det gjer det heile tida, og det er utfordrande å få alt til å gå ihop økonomisk.

Lydmannen gjennom mange år skal no tre fram på scena og bli ein del av bandet som gitarist.

- Vi leitar no etter ein trommis og har fleire moglege kandidatar.

- Nye folk må passe inn

Engelbrektson seier det er viktig at dei nye medlemmene passar inn med resten av bandet.

- Det er svært viktig at vi fungerer saman og klarar å halde ein god tone oss imellom medan vi er på tur. For vi lever tett og det vert nesten som eit ekteskap dette, seier han.

Etter planen skal også musikken endre seg noko. For med publikummarar som likar dansemusikk meiner Engelbrektson det er viktig å spele meir av det.

- Vi kjem til å skrive fleire låtar som er dansbare og vi skal synge meir på norsk. Vi har dansande fans som likar den typen stil.

Ny plate i mai

Ei ny plate er også på trappene, men den kjem ikkje ut før i mai.

- Eg gler meg til vi er klare med den og trur den vil fenge publikum, seier vokalisten.

Han synest framleis det er stas å turnere og å møte irvrige fans, men vedgår at det er ein livsstil som krev sitt.

- Det kan vere tøft til tider for det er ein krevjande måte å arbeide på. Og så er det mykje opp til arrangøren kor slitne vi blir. Nokre stader har dei gløymt at vi treng mat og dei kan finne på å innlosjere oss i hytter eller på dobbeltrom. Då vert det ganske travelt. Medan andre igjen har alt på stell og vi får det vi treng for å kunne bruke energien vår på scena. Men eg trur eg kan seie at eg etter 30 år er blitt vand med det meste, seier Engelbrektson.