– Kommunane i Noreg ville ikkje ha stått i den økonomiske krisen vi gjer, om vi hadde fått pengane staten faktisk hadde førespegla og lovd oss, seier finansbyråd Jacob Mæhle (H) til NRK.
Onsdag føremiddag la han fram neste års budsjett for bystyret i Bergen.
- Byrådet foreslår kutt, effektivisering og inntektsendringar på totalt 532 millionar kroner.
- Likevel blir netto driftsresultat på minus 478 millionar kroner - altså i underskot.
Allereie i 2024 kan Noregs nest største kommune gå 900 millionar kroner i minus, ifølgje byrådet.
Etter fleire år med gode netto driftsresultat under tidlegare byråd, var det tidleg i år klart at Noregs nest største by måtte fram med sparekniven allereie i årets budsjett.
Finansbyråden bad byrådsavdelingane om å kutte fleire millionar kroner, noko dei har slite med å få til. I staden henta dei pengar frå sparekontoen.
Særleg pengeproblem i skule og barnehagar har vekt stor merksemd og demonstrasjonar i år.
Mange demonstrantar møtte opp før bystyremøtet onsdag for å protestere mot kutt i skulesektoren. Til venstre skulebyråd Daniel Hägglund (Frp), som meiner barna stort sett blir skjerma i budsjettet.
Foto: Eskil Byrkjeland / NRKEtterlyser meir frå regjeringa
Eigentleg skulle budsjettet for 2025 ha blitt lagt fram 2. oktober, men blei utsett fordi byrådet ville sjå statsbudsjettet til regjeringa først.
Det vart finansbyråden skuffa over.
– Det er ein vanskeleg balansegang når ein ikkje får dei pengane ein skulle hatt frå staten, når vi blir trefte av renter og høge straumprisar og veldig mange økonomiske nedgangstrekk samtidig, seier Mæhle til NRK.
Finansbyråden peikar også på «landsdekkande skattesvikt» som årsak til at kommunar landet rundt må kutte i budsjetta sine.
– Vi har ikkje fått dei pengane vi skulle fått frå statens side over mange år. No sit vi litt i same båt som resten av Kommune-Noreg. Og det er hyggeleg å sitte i same båt, men det hjelper jo ikkje når båtane lek, seier Mæhle til NRK.
Fortaua var fulle av demonstrantar onsdag føremiddag.
Foto: Leif Rune Løland / NRKKritiserer tidlegare byråd
I finanstalen til bystyret onsdag, langar han også ut mot tidlegare byråd.
Han seier at neste års budsjett er «sunnare enn dei føregåande».
– Bergen kommune har over tid levd over evne. I 2022 brukte Bergen 1 milliard kroner meir enn vi hadde råd til, seier han.
I pressemeldinga om budsjettet skriv han at «skule, tenester til eldre og psykisk helse har vore underbudsjettert over tid».
Men eigedomsskatten vil han ikkje røre.
– Det finst grenser for kor mykje eigedomsskatt vi kan hente inn, men ingen grenser for kor mykje utgiftene til kommunen kan vekse, seier Mæhle.
Finansbyråd Jacob Mæhle (H) held finanstalen for bystyret i Bergen.
Foto: Eskil Byrkjeland / NRKTidlegare byrådsleiar, Rune Bakervik (Ap), meiner derimot at førre byråd gjorde ein god jobb.
– Eg er glad for at vi hadde ein fornuftig økonomisk styring som sette av pengar til ein regnvêrsdag. Som finansbyråden seier, dette budsjettet er jo ikkje berekraftig, seier han til NRK.
– Han seier dette er eit sunnare budsjett enn dei føregåande, altså dykkar?
– Det er jo, med respekt å melde, berre visvas. Vi leverte frå oss budsjett med store plusstal kvart einaste år. Og i tillegg bygga vi opp reservekontoane til Bergen kommune, som dei no brukar av, seier Bakervik.
Han meiner budsjettet har «kjipe, usosiale kutt», og viser at Høgre-byrådet ikkje greier å halde det dei lova i kommunevalkampen i fjor. Han peikar mellom anna på løftet om å kutte meir i eigedomsskatten.
– Det var ein stor bløff. Alle løfta deira frå den gang blir blåst av bana med dette budsjettet, seier Bakervik.
Kritikken haglar også frå resten av opposisjonspartia:
- Gerd Johanne Braadland / NRk
Per Arne Larsen, Venstre:
Den tidlegare finansbyråden meiner budsjettforslaget er «trist lesning» og «eit skikkeleg mageplask».
– Borte er lovnadene om kutt i eiendomsskatten, fleire sjukeheimar og fart i bustadbygging, og i staden får vi auka gebyr og avgifter, utsetting av store og viktige byggeprosjekter og dramatiske kutt i barnehage og skole på til sammen flere hundre millioner i perioden.
- Simon Skjelvik Brandseth
Mikkel Grüner, SV:
– Politikken er djupt usosial og umoderne. Det er passande at dette budsjettet kjem dagen før Halloween, for det bør skremme vatnet av bergensarane. Det mest skremmande er at Høgre og Frp kuttar utelukkande fordi dei vil, ikkje fordi de må.
– Dei nektar å sette inn det eine tiltaket som faktisk kunne gjort noko med dagens situasjon, nemleg ein meir solidarisk og omfordelande eigendomsskatt.
- Silje Rognsvåg
Thor Haakon Bakke, MDG:
– Byrådet prøver å gøyme den ekstraordinære pengebruken sin for 2024 ved å legge det fram samtidig som kuttbudsjettet for 2025. Det vitnar om eit desperat byråd som bruker alle middel for å unngå offentligheitas søkelys på den manglande økonomistyringa.
– Dei har null kontroll på budsjettet og ingen interesse for å auke inntektene. Dei aukar trafikken, utset bybanen og droppar eigne klimatiltak.
- NRK
Mailiss Solheim-Åkerblom, Raudt:
– Dette er eit djupt uansvarleg og usosialt budsjett. Mens kuttet i eigedomsskatt for byens rikeste og politikarane sin millionløn blir freda, må barn, unge, arbeidsfolk og vår felles velferd betale regninga.
– Dagens byråd må snart ha vunne NM i å skulde økonomisitasjonen på andre. I staden for å ta ansvar og gjere nødvendige politiske prioriteringar for å styrke felles velferd.
- Simon Skjelvik Brandseth / NRK
Trond Tystad, Bergenslisten:
Bergenslisten er blant samarbeidspartia til byrådet.
– Vi vil presentere våre krav i forhandlingar med byrådspartia når desse startar på måndag. Vi har allereie signalisert at vi ikkje vil selge Bergen Kino av omsyn til kultur, Bergen internasjonale filmfestival og filmmiljøet. Når det gjeld investeringar veit vi at vi vil ha full utbygging på Christi Krybbe skoler.
Lovar å bygge sjukeheimar i heile kommunen
Finansbyråden understrekar at han har tru på at kommunen skal klare å snu underskot til overskot.
– Det er framleis eit budsjett som kjem til å gi massevis med aktivitet og gode tilbod i Bergen kommune, understrekar han.
Overfor NRK lovar mellom anna byråden å bygge sjukeheimar og idrettsanlegg over heile byen.
Meiner skulebudsjettet er styrka
Fleire barnehagar og skular var til stades for å minne politikarane på stoda i oppvekstsektoren.
– Barnehagane fortel at dei ikkje har råd til å sette inn vikarar. Rektorar seier dei bryt lova kvar einaste dag, fortel Eirik Lilleheil i Utdanningsforbundet.
Skulebyråd Daniel Hägglund meiner at neste års budsjett er ei styrking av både barnehage og skule.
Frå venstre skulebyråd Daniel Hägglund møtte Eirik Lilleheil i Utdanningsforbundet blant demonstrantane.
Foto: Leif Rune Løland / NRK– Dei kutta som blir gjennomført, går på ikkje lovpålagde oppgåver. Skulane og barna er stort sett skjerma for kutt, seier Hägglund til NRK.
Samstundes aukar han prisen på heildagsplass i skulefritidsordninga (SFO).
– Vi ligg framleis på eit rimeleg nivå samanlikna med mange andre kommunar i Noreg, seier skulebyråden.
Fleire skular møtte opp for å demonstrere før bystyremøtet.
Foto: Leif Rune Løland / NRK