Hopp til innhold

Byr seg fram for andre gong i år

Enkelte plantar er så ivrige at dei blomstrar og byr seg fram for andre gong i år. Men den seksuelle iveren kan vere kortvarig, for minusgradene dei kan kome snikande over natta.

Ein svært mild haust fører til at plantane ikkje forstår at vinteren er i anmarsj. Difor blomstrar det løvetann og blåklokker i Deknepollen i Nordfjord. På Ljøsne i Lærdal står også løvetannen gul og fin, for andre gong i år.

Håpar på fleire avkom

Det er ikkje uvanleg at enkelte artar blomstrar fleire gongar, dersom dei ikkje forstår at det nærmar seg vinter.

Knut Rydgren

NOVEMBERBLOMSTER: Professor Knut Rydgren meiner blomster i november kan ha eit kort liv.

Foto: Høgskulen i Sogn og Fjordane

– Dei utnyttar dei sjansane dei har til å få fleire avkom, men det skal godt gjerast at dei får fram frø før det blir minusgrader. Det seier professor Knut Rydgren ved Høgskulen i Sogn og Fjordane.

Dei som kjenner kalenderen veit nemleg at det snart er desember, då pleier kulda og snøen å kome. Dermed er det litt ressurssløsing å blomstre i november, meiner botanikaren.

Rydgren er fascinert over det som skjer i naturen og korleis plantane tilpassar seg variasjonar i klimaet.

Det kostar å ha blomstersex

Men det kostar "å vere kar", eller ha seksuell reproduksjon, som botanikaren i Sogndal kallar det. For det kan vere at dei individa som blomstrar og brukar ressursar på det no i november, klarar seg litt dårlegare til våren.

– Dei grip sjansen og håpar at dei lukkast, men det kan vere at dei som ikkje er like ivrige klarar seg betre våren 2012, meiner spesialisten.

Ein del plantar er dessutan avhengige av insekt for å overføre pollen, og dei er det ikkje akkurat så mange av no så seint på året. Dermed kan det vere at den fine blå eller gulfarga blomen, ikkje får nokon friarar på besøk.

– Det er med plantane, som ei dame som pyntar seg så fint ho kan for å gå på fest. Av og til får ho napp og av og til ikkje, humrar Knut Rydgren.

Rose i november

Novemberroser: I Florø blomstar rosene i november

Foto: Solbjørg Nordheim