Hopp til innhold

Bygd isolert av ras

Innbyggjarane på Veitastrond i Luster er isolerte etter at det har gått eit snøras.

Kart Hafslo - Veitastrond
Foto: Grafikk: NRK

Raset gjekk onsdag ettermiddag ved Kvam på vegen mellom Hafslo og Veitastrond.

Store mengder snø sperrar no vegen.

Ikkje opna i dag

Ingen blei skadde, men vel 100 personar i Veitastrond er dermed isolerte. Det er i kveld usikkert kva tid vegen kan ryddast og opnast.

- Vi fekk melding om raset klokka ti på fire, og vegen blir ikkje opna i dag. Dei som ryddar vegen går ikkje inn i rasområde når det er mørkt, seier Arne Stadheim ved Vegmeldingssentralen.

Luftputebåt

Per Heggestad som bur i Veitastrond seier at dette er andre gongen dette året at dei er isolerte.

- Dette raset er 4-5 meter høgt og omlag 100 meter breitt, seier han.

No i kveld skal han vere med å hente folk ved hjelp av ein luftputebåt dei har i Veitastrond.

- Det er fleire som ventar på Hafslo for å komme seg heim til Veitastrond. Desse personane vil vi hente med luftputebåten på det islagde vatnet.

Luftputebåten i Veitastrond

Luftputebåten i Veitastrond

Foto: Kjell Arvid Stølen