Hopp til innhold

Dei står på kvar si side i debatten om Bybanen i Bergen

Motstandarane mot å legge Bybanen langs Bryggen lover «slagsmål for kvart gatehjørne» om dei ikkje får viljen sin i bystyremøtet onsdag. Tilhengarane meiner dei ikkje har eit einaste godt motargument.

Gunnar Staalesen og Trond Tystad

USEMJE: Dei to partane i bybanedebatten er ueinige om det meste.

Foto: NRK

I tiår har debatten om bybana rast i vestlandshovudstaden. No er den på veg mot eit nytt klimaks.

Noko av det einaste dei to partane er samde om er at dei fryktar utfallet av bystyremøtet som haldast onsdag.

– Det er historia vår som står på spel. Samanhengen mellom Bryggen og sjøen blir øydelagd om det skal gå ei bane forbi her, fortel Trond Tystad, tidlegare finansbyråd i Bergen.

Han melde seg ut av Arbeidarpartiet etter at partiet snudde i det store stridsspørsmålet i Bergen. Tystad kallar seg Bryggen-aktivist, og meiner det vil vere øydeleggande å legge bybane langs byens stoltheit.

– Politikarane respekterer ikkje demokratiet. Det er det verste med denne saka. Dei ignorerer folkeviljen for å få makt, seier Tystad.

Demonstrasjon mot bybane over bryggen.

DEMONSTRASJON: Tilhengarar av tunnelforslaget har gått i fakkeltog frå Torgallmenningen til Bryggen.

Foto: Valentina Baisotti / NRK

Ikkje i mål med tunnel

Problemet er berre at sjølv etter år med utgreiingar har det ikkje kome opp med eit like god løysing som bane langs Bryggen. For ei tunnelløysing er dyrare, gir dårlegare kollektivtilbod og inneber ein større fare for verneverdige deler av Bergen. Det er i alle fall konklusjonen frå dei som har som jobb å granske dei ulike løysingane.

Forslaget til tunnelpartia Høgre, Sp og Raudt vert i Bergens Tidende skildra som uverdig.

Tystad har danna gruppa «Fagfolk mot Bybane over Bryggen» og fortel at mange ekspertar kjem til andre konklusjonar.

– Her har vi bygd Troll-plattforma og andre underverk. Så kan vi ikkje bygge tunnel her!? Vi trur rett og slett ikkje på det, seier han.

Bybanen over Bryggen, illustrasjon fra 28.10.2021

BRYGGEN: Slik kan ei løysing med Bybanen over Bryggen sjå ut.

Foto: Norconsult og Asplan Viak

Meiner Bryggen treng Bybanen

Forfattar og Bergen-ekspert, Gunnar Staalesen er samd med Tystad om at Bryggen er livsviktig for Bergen. Men der stoppar semja.

– Eg kan rett og slett ikkje sjå at Bryggen-motstandarane har eit einaste godt argument, seier han.

Som mange andre fryktar Staalesen at resultatet no blir at heile bygginga av bane nordover til Åsane blir utsett.

– Byen treng at Bybana går i dagen. Den må vere eit effektivt transportmiddel, og ein del av Bergen.

Det er eit lite fleirtal i bystyret for å gå for ein tunnel, og då trengst det nye utgreiingar. Det er likevel ingenting som er avgjort.

Om tre representantar bryt med partia sine på bystyremøtet i morgon misser tunnel-tilhengarane fleirtalet.

Det ser ikkje ut til å skje.

Forfattar og Bergen-ekspert Gunnar Staalesen

KRITISK: Gunnar Staalesen meiner det ikkje finst gode argument for tunnelløysinga.

Foto: NRK

Varslar slagsmål

Tystad seier han vil ha bybane til Åsane, men kan ikkje akseptere at traseen går forbi Bryggen. Då blir det ikkje lenger mogeleg å få verdsarvstaden fri for all trafikk, som er målet til dei fleste aksjonistane på sida hans.

– Ignorerer politikarane demokratiet blir det sivil ulydnad. Det blir slagsmål gatehjørne for gatehjørne, fortel han.

Staalesen sukkar over heile debatten, og meiner den er typisk bergensk. Han har følgt krangel om bybana sidan ideen kom i 1971, og trur den vil halde fram lenge.

– Enten er ein heilt for noko, eller heilt mot. Det finst ingen middelveg her. I dette tilfellet er diskusjonen øydeleggande for byen, seier Staalesen.

Programleiar er Oddgeir Øystese.

Sjå debatten om Bybanen i Vestlandsrevyen 23.11