Tydelege skader på ei av bybanevognene som var involvert i ulukka.
Ingen personar vart skadde i ulukka, men begge vognene fekk tydelege merker etter samanstøyten.
Det var full utrykning til ulukka i Kaigaten.
Redningsmannskap frå Bergen brannvesen prøver å få den avspora vogna på skinnene igjen.
Kollisjonen skjedde midt i Bergen sentrum ca. 13.40 i dag.
Mange skodelystne samla seg ved ulukkesstaden.
Redningsmannskap måtte heise på plass den avspora vogna.
Knuste vindauge - eit tydeleg teikn på at denne vogna har kollidert.
Kollisjonen mellom bybanevognene førte til lange køar i Bergen sentrum.
Ingen kan så langt gje svar på korleis ulukka kunne skje.