Hopp til innhold

Busspassasjerar får krisehjelp

Dei uskadde passasjerane på Nordfjordekspressen får no krisehjelp etter kollisjonen på riksveg 15 på Strynefjellet.

To omkom i trafikkulukke på Strynefjellet.

Ingen av passasjerane på bussen kom fysisk til skade i den kraftige smellen med personbilen fredag ettermiddag.

Foto: Jan Ivar Vik

To personar omkom då ein rutebuss og ein personbil kolliderte på riksveg 15 ved Grotli på Strynefjellet ved 16-tida i ettermiddag.

LES OG: To omkomne i busskrasj

Får krisehjelp på hotell

Ingen av passasjerane på Nordfjordekspressen kom til skade, og alle desse er sendt til Grotli Høgfjellshotell der dei får krisehjelp.

- Passasjerane er frakta til hotellet der dei får den hjelpa dei treng, seier Svein Arne Vik i Fjord 1 Nordfjord og Sunnmøre Billag.

LES OG: - Vart møtt av eit forferdeleg syn

Bussen var på veg frå Måløy til Oslo og hadde 22 passasjerar i tillegg til sjåfør ombord.

- Det er opp til passasjerane sjølve om dei vert frakta vidare med buss mot Oslo. Først og fremst vil dei no bli briefa om det som har skjedd, seier Vik.

Ukjent årsak

På hotellet er det både kriseteam frå Sjåk, helsepersonell, politi og folk frå busselskapet til stades.

Busselskapet veit førebels ingenting om årsaka til ulukka, og seier dei har hovudfokus på å gje passasjerane og sjåføren den hjelpa dei treng.