Hopp til innhold

Busselskap i sorg etter sjåfør døydde: – Ein meiningslaus tragedie

Trafikkulukka i Bergen tirsdag morgon, har kravd sitt andre liv. – Ein ufatteleg trist og meiningslaus tragedie, seier Tide.

Tide i sorg etter trafikkulukke der bussjåfør mista livet.

HALV STONG: Tide flagga på halv stong utanfor bussgarasjen i Fana i Bergen.

Foto: Sjur Mikal Dolve / NRK

Bussjåføren (57) som var involvert i ulukka i Steinsvikvegen i Bergen 16. juni, er død. Mannen var tilsett i Tide.

– Me tok imot beskjeden om dette med stor sorg i dag føremiddag. Dette er ein ufatteleg trist og meiningslaus tragedie. Ord blir fattige.

Det seier kommunikasjonsdirektør i Tide, Marianne Frønsdal.

Ho seier at dei er sterkt prega av ulukka. Hjå Tide i Bergen flaggar dei i dag for halv stong. Dei samlar også inn meldingar til ein kondolanseprotokoll.

– Me har mista ein kjær og dyktig kollega. Han var flink i jobben sin, positiv og vennleg. Dette er ein tung dag. Våre varmaste tankar går til dei pårørande. Me ber om å få lov til å støtta både pårørande og kollegaar i den sorga dei står i no, seier Frønsdal.

Buss og personbil har kollidert

TO DØDE: Tre dagar etter ulukka, vart det i dag kjend at to menneske har omkomme.

Foto: Cato Heldal Kristensen / NRK

Har kravd to liv

Tirsdag morgon rett før klokka 7, kolliderte ein buss og ein personbil i Steinsvikvegen på Sørås i Bergen. Kollisjonen var særs kraftig, og båe køyretøya fekk store skadar.

I går vart det bekrefta at føraren av personbilen, 19 år gamle Tobias Bøe Foss, omkom etter ulukka. Han var saman med ein annan jamnaldrande mann i bilen. Passasjeren er framleis innlagt på Haukeland universitetssjukehus.

Den no omkomne bussjåføren var åleine i bussen. Politiet ynskjer ikkje å kommentera kva skadar mannen hadde.

Manglar video frå kollisjonen

Politiet jobbar med å oppklara saka. Havarikommisjonen var også på staden etter ulukka hende.

Bussen har filma augneblinkane før ulukka, men ikkje sjølve ulukka.

– Når vi ser på videoen frå bussen som har eit kamera som filmar framover, så har dette slutta å filma nokon sekund før ulukka. Vi ser berre ein tom veg, så blir det svart, seier Torgils Lutro, politistasjonssjef for Bergen sør.

Kva er bakgrunnen for det?

– Det har sannsynlegvis noko med forseinking på lagringa å gjera.