Ingen personar vart skadde i brannen.
- Personen det var snakk om var igjen inne i tunnelen har kome seg ut. Det skal ikkje vera folk att inne i tunnelen, fortel operasjonsleiar Kjell-Tore Aarnæs i Hordaland politidistrikt.
Klokka 17 var brannen sløkt, men fordi bubilen inneheldt propanflasker måtte brannvesenet i Bergen hjelpe det lokale brannmannskapet med å hente ut flaskene.
E39 gjennom Romarheimsdalen er framleis stengd etter eit ras laurdag. Det er førebels ukjent kor lenge vegen blir stengd.
Det er omkøyring via Sløvåg i Gulen.