Hopp til innhold

Bu deg på utanlandsk pinnekjøt

I framtida kan det hende at du må ete utanlandsk pinnekjøt på julaftan.

Pinnekjøtt med kålrabi/gulrotstappe.
Foto: Wenche Lamo Hadland / NRK

Heile ein av fem sauebønder i Norge slutta med sau sidan 2001. Samstundes har etterspurnaden etter lammekjøt gått opp. No kan det bli vanskeleg å få tak i nok norsk lammekjøt.

- Når den norske forbrukaren snakkar om lammekjøt, tenkjer på han fjellam som har gått i fjellet dei to-tre siste månadene av levetida. Det seier seg sjølv at det ikkje finst noko anna lammekjøt i verda som kan samanliknast med det norskproduserte, seier sauebonde Olav Kåre Kusslid i Førde. Sjølv har han over 700 sauer og lam på fjellet kvar sommar.

Import alt til våren

- Men no er det så lite lammekjøt på lager at det alt til våren kan bli aktuelt å importere kjøt fra New Zealand, seier Per H. Liahagen i Nortura.

- Dette er ein lite ønskt situasjon. Vi diskuterer no kva vi skal gjere for å bremse den negative utviklinga, forklarar han.

I 2004 var det overproduksjon av lammekjøt. Det førde til at Gilde innførde prisreduksjon på lam over ein viss storleik. No er situasjonen snudd på hovudet. I Norge er det berre vel hundre tonn med lammekjøt på lager. I fjor på same tid var det ti gonger så mykje.

Austlendingane et meir pinnekjøt

Ein av grunnane til den auka etterspurnaden er stadig fleire austlendingar som et pinnekjøt. Dermed kan det spøkje for julemiddagen.

- Det er vanskeleg å seie kor rask nedgang i sauetalet vi vil få, men viss tempoet hald fram eller forsterkar seg, så kan vi ikkje sjå bort frå at vi vert nøydde til å importere råvarer til pinnekjøtproduksjonen i Norge i løpet av nokre år, seier Liahagen.

Vil helst ha norsk kjøt

Kjøkkensjef John Ove Grov hos Sunnfjord Hotel i Førde satser de i det lengste på å servere norsk lammekjøtt. Både når det gjelder pinnekjøtt og påskelam.

- Vi vil helst bruke det norske. Men vert det for lite, og får vi tilbod om å kjøpe same produkta frå importert kjøt, betyr ikkje det noko for prisen eller kvaliteten, seier han.