Hopp til innhold

Brutalt rana heime i eige hus

Ein mann vart truga med ein softgun-pistol, bakbunden med strips og fekk bind for auga då han vart brutalt rana i Naustdal i fjor. Fire menn frå Naustdal og Flora kan få inntil 12 år i fengsel.

Fjordane tingrett 12

FIRE TILTALTE: Fire menn, i alderen 21 til 36 år, må møta i Fjordane Tingrett den 19. juni.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Rettsaka startar i Fjordane Tingrett den 19. juni, skriv avisa Firda.

Truga med softgun-pistol

Ranet skjedde på ettermiddagen den 22. september i fjor. I fylgje tiltalen tok dei fire mennene seg inn i huset til den fornærma 40-åringen, slo han, truga han med ein softgun-pistol, batt han fast og sette bind framfor auga på han.

Ranarane fekk med seg om lag 30 000 kroner i kontantar, ei datamaskin, 25 narkotiske tablettar og ein Playstation.

Spelte Playstation i lag

Berre dagar tidlegare var ein av dei som no er tiltalt for det brutale ranet, på besøk hjå fornærma, der dei spelte Playstation. Nokre dagar seinare kom mannen attende, men då med mindre hyggjelege hensikter.

– Om dei får ti månader eller ti år i fengsel bryr eg meg ikkje om, det viktigaste er at eg slepp å sjå dei att, seier 40-åringen til Firda.