Ein ringerunde NRK Sogn og Fjordane har gjort til dei vidaregåande skulane i fylket, viser at fleire andre skular også vurderer å nekte elevane brus i skuletida. På skulen i Dale har dei alt sett i verk ein del tiltak mot ein sunnare livsstil.
- Læringsarenaen blir mykje betre viss ein ikkje drikk brus. Ein får meir ro og stabilitet i klassane. Det seier avdelingsleiar Solmund Helle ved Dale vidaregåande skule, som er ein av dei som har sans for eit forbod.
Sukkersjokk
Norske ungdommar får i seg dobbelt så mykje sukker som Verdas helseorganisasjon og norske helsemyndigheiter tilrår, og brus er ei av dei største sukkerbombene. For høgt sukkerinntak kan føre til fleire ulike livstilssjukdommar.
Leiar i diabetesforbundet i Sogn og Fjordane, Nils Bjarne Knapskog, er glad for at fleire no vil innføre forbod mot brus.
- Forby brusen og set opp vassautomatar i staden. Det er den klare oppmodinga frå Knapstad til alle skulane som no vurderer forbod mot brus.