Hopp til innhold

Slik berga dei mat for 70.000 kroner

Rolf Olav Tenden i Thor Tenden Transport var ikkje vanskeleg å be då Stryn hotell bad om fryse- og kjølehjelp då straumen gjekk 1. juledag.

Rolf Olav Tenden

STILTE OPP: - Det er klart vi stiller opp viss vi kan hjelpe, seier Thor Olav Tenden.

Foto: Thor Tenden Transport

– Klart vi hjelpte til når dei spurte om hjelp, seier dagleg leiar i transportselskapet i Stryn, Rolf Olav Tenden.

Då orkanen «Dagmar herja som verst, var det mange i Sogn og Fjordane som mista straumen. Fleire stader i Nordfjord opplevde ein at straumen var vekk i nær ei veke.

Då straumen gjekk 1. juledag, tenkte hotelldirektør Ole Kristian Nedberge på Stryn hotell at noko måtte gjerast.

Hadde stengt hotellet

– No var hotellet vårt stengt, så vi hadde ikkje noko ferskvarer. Men vi hadde ein god del frysevarer som raskt ville gå fløyten dersom vi ikkje tok grep, seier Nedberge.

Han forstod raskt at å få på plass eit aggregat ikkje var ei løysing som ville fungere.

– Nei, det ville ikkje monne. Men eg tenkte at vi må klare å berge denne maten. Eg kjenner Rolf Olav godt, og tok ein telefon for å høyre om det kunne late seg gjere å få nytte ein frysebil. Og Rolf Olav er ikkje ein mann som seier nei, ler Nedberge.

Held kaldt så lenge dei har diesel

Tenden var lett å be, og svinga raskt på plass ein semitrailer. Frysebilane, som til vanleg fraktar frose gods som kjøt og fisk til og frå fylket, har dieselaggregat som held kjøleboksane kalde. Dermed har dei frysekapasitet så lenge dei har diesel.

– Eg fekk hjelp frå onkelongane mine og ein kompis. Eg trur det tok oss ein god halvtime med effektivt arbeid å få flytta alle varene over i semitraileren. Men det er gjevande arbeid når ein veit at det monnar, seier Nedberge.

Brukte diesel for 1400 kroner

Bergingsmann Tenden fortel at frysebilen stod og gjekk i to-tre døgn.

– Stryn hotell brukte vel om lag seks palleplassar. Bilen tek totalt 33, så det var plass til fleire, for å seie det slik, seier Tenden, og legg til at det var ei rimeleg investering samanlikna med å miste varene.

– Vi brukte vel diesel for 1400 kroner pluss moms. Det kan ein ikkje klage på. Eg fekk til og med putta inn litt av mine eigne frysevarer, fortel Tenden med eit smil.

– Rart ikkje fleire spurte

Men han undrar seg over at ikkje fleire tenkte moglegheita for å gjere det same.

– Når ein høyrer om kor mykje kjøle- og frysevarer som har vorte kasta rundt om, så er det eit apropos at ikkje fleire har tenkt tanken, seier Tenden.

Sidan butikkane får varer fleire gonger i veka som nettopp blir transportert inn til fylket av denne typen bilar, skulle ein tru at ei slik løysing for mange vile vere opp i dagen.

– Eg tippar ganske mange bilar med frysekapasitet stod ubrukte mange stader i fylket, seier Tenden.