Hopp til innhold

Dykkarar brukte hane i søket etter den sakna Ørjan Brattebø (27)

Familie og vener gir ikkje opp håpet om å finne Ørjan Brattebø (27). I dag har den lokale dykkarklubben brukt ein hane for å prøve å finne ut kor i fjorden han ligg.

Video Brukte hane i søket etter Ørjan (27)

– Dette er noko vi aldri har prøvd før, seier Knut Helge Sandvik som er leiar i Høyanger dykkarklubb.

Brattebø fall over bord ein fritidsbåt tysdag kveld i førre veke, og det har blitt leita med både båtar, helikopter, fly og mannskap langs land. Den offisielle leiteaksjonen vart avslutta sist torsdag, men familien har saman med vener og andre søkt i privat regi sidan.

I dag vart ein hane plassert heilt frampå båten til dykkarane. Håpet er at den skal kunne vise leitemannskapa kor den sakna mannen ligg.

– Når ein kjem i ein slik situasjon så blir ein ganske desperat. Ein vil prøve det meste og difor har vi i dag brukt ein hane i søket, seier Sandvik.

– Hanen gjel når den går over lik

Frå gamalt av har fiskarar fortalt om korleis dei nytta seg av ein hane for å finne ut kor døde menneske låg i sjøen.

– Det blir sagt at når hanen går over lik så skal han gale, fortel Sandvik.

Han har sjølv delteke i søket etter Ørjan Brattebø sidan det vart sett i gang sist onsdag. Til no har søket vore resultatlaust, men familie og vener gir ikkje opp håpet.

Fem synske personar har blitt kontakta, og ei av desse har peika ut eit område der ho meiner Brattebø ligg.

(Artikkelen held fram under biletet)

Brukte hane i søket etter sakna mann i Sognefjorden

GJEL OVER LIK: Frå gamalt av heiter det seg at hanen skal gje lyd frå seg når den kjem over område der det ligg døde menneske i sjøen.

Foto: Silje Guddal / NRK

Gav lyd frå seg i same område

Ørjan Brattebø (27)

OMKOM: Ørjan Brattebø (27) miste livet etter at han ramla i fjorden frå ein fritidsbåt sist veke.

Foto: privat

Med ein hane plassert i eit bur frampå båten har Sandvik og fleire andre dykkarar frå Høyanger dykkarklubb i dag leita etter Brattebø i dette området.

– Hanen har markert på same plassen fleire gonger i det området ho peika ut for oss, fortel Sandvik.

– Kva tenkte du då?

– Hjertepumpa stogga ei lita stund, og banka litt fort etterpå.

Vanskelege søkeforhold

Fleire dykkarar har vore i vatnet, men leiteforholda i fjorden har vore vanskelege.

– Vi har ikkje klart å finne han. Det var grumsete og dårleg sikt. I tillegg er det stupbratt, og du skal ikkje langt frå land før det er så djupt at vi ikkje kan gå ned, seier Sandvik som forklarar at dei har leita på både 15 og 25 meters djup.

Sandvik har sjølv budd i nabohuset til den sakna Ørjan Brattebø i barndomen og forstår godt at familie, vener og andre har eit inderleg ønskje om at han skal bli funnen.

– Vi vil finne han, det er familie og vener som vil ha ein plass å gå til, seier Sandvik.

(Artikkelen held fram under biletet)

Søkjer etter sakna i Sognefjorden

SØK: Det har blitt gjort fleire søk i Sognefjorden. Til no har ein ikkje gjort funn.

Foto: Thord Are Stølen

Samlar inn pengar til nye søk

Om det blir gjort fleire søk med hjelp av hanen er ikkje bestemt enno. Sandvik seier dei vil snakke meir med den synske kvinna, men håpar at dei har funne plassen der kroppen til Brattebø ligg. Håpet er at ein også kan søke i dette området ved hjelp av eit spesialfarty frå Kystvakta.

Før helga starta Høyanger-kvinna Astrid Refsdahl Henden opp ei innsamling for å få til nye søk i privat regi. Målet er å få nok pengar til å leige inn kystvaktskipet KNM Tyr som har utstyr til å leite i djupna.

Onsdag morgon var det samla inn vel 77 000 kroner, ein reknar med at søk med KNM Tyr vil kunne koste rundt 100 000 kroner.