Hopp til innhold

Bru i nasjonalromantisk favorittmotiv skaper strid

Hans Gude og tallause kunstnarar har sidan 1820-åra måla Esefjorden ved Balestrand. Ei planlagd bru skaper no krangel, både mellom byråkratar og mellom bygdefolk.

"Fjordlandskap i Balestrand" av Hans Fredrik Gude.

ESEFJORDEN: «Norwegische Landshaft» av Hans Christian Gude vart i fjor selt for 4,1 millionar kroner på auksjon hos Blomqvist kunsthandel i Oslo. Gude (1825–1903) måla Esefjorden 1848. No skaper ei planlagd bru i området rabalder.

Foto: Blomqvist auksjonshus

– Ei stor betongbru tvers over fjorden vil øydelegge alt, seier Gunnar Urtegaard (70). Historikaren, som har skrive fleire bøker om Balestrand og Sogn, ser utover fjorden. Og ristar på hovudet.

– Vi vil ikkje ha Esefjorden lengre dersom brua kjem, seier han.

Rett bak ligg nettopp Esefjorden blank og fin, med snødekte toppar og viltre skyar. Det var hit kunstmålarar frå heile Europa valfarta frå byrjinga av 1800-talet. Forfattaren Arne Melkild skriv det slik: «Esfjorden med fjella omkring har vore det store målarmotivet ned gjennom tidene».

Det er i desse fjellsidene striden ligg gøymt.

Skal det kunne byggjast er stor bru over fjorden som tek vekk rasfare og reduserer reisetid? Eller er landskapet så unikt sidan det har vore brukt så mykje som motiv at det ikkje bør byggast bru? Dersom det likevel blir bru, kor bør ho ligge?

Gunnar Urtegaard i Balestrand/Sogn.

OPPGITT: Historikar Gunnar Urtegaard meiner Esefjorden vil bli øydelagt som landskapsområde dersom det kjem ei bru over fjorden.

Foto: Bård Siem / NRK

Saka er svært betent, får vi vite, når vi møter folk på gata i Balestrand. Enkelte tør ikkje seie at dei er mot brua fordi dei reknar med å bli hetsa. Brua, som har vore planlagt lenge, vil koste om lag 800 millionar kroner.

Byråkratar kranglar seg imellom

Men det er ikkje berre i den vesle sognebygda at det er høg temperatur. I Vestland fylkeskommune er saka så betent at det berre er fylkesdirektøren som får lov å uttale seg.

Den valde løysinga for bru over Esefjorden på fv. 55

SLIK: Vestland fylkeskommune ser føre seg ei slik bru som den beste løysinga for kryssing av Esefjorden på fv. 55.

Foto: Vestland fylkeskommune

I eit internt brev NRK har fått innsyn i står det at «fagleg usemje ikkje er avklara» og at saka blir løfta opp eit nivå for å prøve kome fram til ei løysing. Det skin tydeleg igjennom at byråkratane i seksjon for kulturarv ikkje har særleg sans for den planlagde brua. Og at brua må ligge lengst vekke frå tettstaden Balestrand og kunstnarheimen Heimdalstrand, dersom det blir ho. Den tilrådde trassen vil vere «svært negativ», heiter det.

«Vegfolka» i fylkeskommunen er på si side ikkje så opptekne av om brua vil øydelegge siktlina for kunstmålarar. Eller at Esefjorden kanskje er det mest måla naturområdet i Noreg.

– Uvanleg

Fylkesdirektør i Vestland, Rune Haugsdal, fortel at det ikkje er ofte at fylkesbyråkratar er usamde i saker.

Men eg ser ikkje på det som eit problem. Det viktigaste er at vi kjem fram til den beste løysinga, seier han.

Administrasjonen arbeider no med å ei finne løysing som tar i vare både rassikring og landskapsvern.

Både lokal rassikring på eksisterande veg rundt fjorden og bru over fjorden kan vere aktuelt. Det er for tidleg å konkludere, seier han.

Det høyrer med til historia at Riksantikvaren kan gripe inn med motsegn dersom han meiner brua er øydeleggjande for den nasjonale kulturarven.

Postkort frå Esefjorden

ESEFJORDEN: Engelskmannen A. Heaton Cooper nytta seg mange gonger av Esefjorden som motiv. Han budde fleire år i Balestrand. Cooperhuset står framleis på kaien i Balestrand.

Foto: Marta Kvikne

Hotellveggar fulle av måleri

Nokre steinkast unna ligg gamle ærverdige Kviknes Hotell. Hotellet er bygd i sveitserstil og den eldste delen er frå slutten av 1800-talet. Då nybygget stod ferdig rundt 1910 var hotellet rekna som den største trebygninga i landet.

Her heng det landskapsmåleri på alle vegger, og det mest brukte motivet er sjølvsagt Esefjorden.

– Brua kjem til å gå her, fortel Marta Kvikne og peikar på eit av dei mange måleria.

Marta Kvikne ved måleri av Esefjorden.

KUNST: Marta Kvikne meiner dei historiske banda til måleria frå Esefjorden gjer at det er viktig å ta var på landskapet i området.

Foto: Bård Siem / NRK

Kvikne meiner dei historiske banda til kunsten gjer at det er viktig å ta vare på landskapet. Ho vil at vegen rundt fjorden skal rassikrast, men at det kan gjerast lokalt der det er rasfare. Difor treng ein ikkje bru.

Marta Kvikne viser også fram eit album med fleire hundre postkort, enkelte er måla, andre er fotografi. Sjølvsagt er Esefjorden eit av dei mest populære motiva.

Keisaren og kunstnarane

Også den tyske keisaren Wilhelm II må nemnast når det gjeld kunsten i Balestrand. På Norgesferiane sine besøkte han den vesle sognebygda 14 gonger. Kunstnarane Adelsteen Normann og Hans Dahl var ein del av omgangskretsen hans her. Medan keisaren var på besøk hos Hans Dahl i Balestrand i 1914, fekk han meldinga om at første verdskrig hadde starta. Den prominente gjesten måtte i all hast returnere til Tyskland.

Keisar Wilhelm II og målaren Hans Dahl

Den tyske keisaren Wilhelm II og den norske kunstnaren Hans Dahl var omgangsvener i Balestrand.

Foto: www.fylkesarkiv.no

Kritisk til omkamp

Tre minutt vestover med ligg det raude trehuset til Harald Offerdal. Tett inntil står frukt – og bærtrea i full bloming. Brutilhengaren og den tidlegare Ap-ordføraren i Balestrand opnar døra.

– Eit samrøystes kommunestyre gjekk i 2017 inn for bru og det er eit stort fleirtal for bru i bygda, seier han.

Offerdal har ikkje sans for at enkelte prøvar seg på omkamp.

– Esefjorden har ein rasfaktor på 4,7, noko som beviser at rasfaren er høg, seier han.

Offerdal viser til at utgreiingar frå nokre år tilbake, også dei som omhandla kulturminne og kulturmiljø, konkluderte med at bru er det beste alternativet.

– Verda går vidare. Vi kan ikkje leve på minne frå 1800- og 1900-talet, seier han.

Harald Offerdal, tidlegare Ap-ordførar i Balestrand

KRITISK: Den tidlegare ordføraren i Balestrand, Harald Offerdal, fortel at det store fleirtalet i bygda ønskjer bru. Han har ikkje sans for at det blir lagt opp til omkamp.

Foto: Bård Siem / NRK