Hopp til innhold

Brøytesjåførar utsette for ras

Rasulukker på norske vegar råkar ofte dei som er der for å gjere vegen trygg for folk flest. Fire av ti rasulukker råkar nettopp brøytebilsjåførar.

Dei siste dagane har fleire vegar over heile Vestlandet vore stengt grunna ras eller rasfare.

Men sjølv om ein veg vert stengt for trafikk, må brøytemannskap ofte trafikkere på risikable strekningar.

Geolog i Statens vegvesen, Svein Helge Frækaland er uroa over at så mange brøytebilsjåførar vert skadd.