Hopp til innhold

Bronse til Tarjei Bø

Tarjei Bø gjekk inn til ein bronseplass under junior-VM i skiskyting i Canada laurdag.

Tarjei Bø

Arkivfoto

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

- Det er stort for meg å vinne medalje etter å ha slite med sjukdom i lengre tid, seier stryningen til BT.

- Eg fekk ikkje konkurrert førre sesong, men sidan eg fjerna mandlane i august har det gått betre, seier han.

Slite med mystisk sjukdom

For Tarjei Bø har slite med sjukdom eit par år no. Det er sår hals og luftvegsproblem som har sett stryningen meir eller mindre på sidelinja siste året. Han har prøvd det meste for å finne ut av den mystiske sjukdomen, og i august i fjor fjerna han mandlane som eit ledd i det at han har slite med halsen.

Framtidshåp

Tarjei Bø er rekna som ein av dei store framtidshåpa i norsk skiskyting. Stortalentet har VM-gull i 2006 og sølv i 2007. Og no i helga slo han til trass langvarig sjukdom.

Jaktstart

Laurdag skaut han feilfritt både i liggande og ståande, og vart beste nordmann i rennet. Men han måtte sjå seg slege av italienaren Lukas Hofer og sveitsaren Benjamin Weger. Bø kom inn nesten eit halvt minutt bak vinnaren på tikilometeren.

Søndag kveld, norsk tid, er det jaktstart. Då starta Nø 29 sekund bak Lukas Hofer.