Hopp til innhold

Bakarane varslar dyrare brød

Etter eit historisk godt lønnsoppgjer og høgare råvareprisar, varslar bakarane eit prishopp på nær sju prosent på brød og bakevarer.

Brød

Brød- og bakervarer kan bli nær sju prosent dyrare.

Foto: ScanStockPhoto

- Vi har fått eit ganske kraftig lønnsoppgjer i bakarbransjen og det utgjer ein ganske formidabel kostnad for oss, som vi må ta inn att ein stad, seier dagleg leiar Martin Berntsen ved Naustdal Dampbakeri.

- Ingen veg utanom

Dampbakeriet er ein av dei tre store aktørane i bakarbransjen i Sogn og Fjordane. Når kostnaden knytt til både lønningar og råvarer blir dyrare, er det kundane som må punge ut.

Berntsen tek eit lite forbehold om at ikkje alle avtalar er ferdigforhandla, men reknar det som ganske sikert at dei må oppjustere sine prisar ut til butikkane.

Anders Vangen i Baker og Konditorbransjens Landsforeining, seier justeringane i år er naudsynte og at dette gjeld dei fleste bakarane.

- Skal dei klare seg i framtida, så må dei sette opp produktprisane. Det er ingen veg utanom, seier han.

Utanlandsk halvfabrikat?

Vangen fryktar samstundes at dei store butikkjedane byrjar å kjøpe halvfabrikat frå utlandet som dei steiker i butikkane.

- Uansett, så kan vi ikkje produsere varer med tap. Utfordringa er å få igjen denne produktprisauken hos daglegvarekjeda. Det håpar eg daglegvarekjeda forstår, seier Vangen.