Hopp til innhold

Bringebær, Chopin og Grieg i Vik

Jo, dei skal fremja kulturell forståing i bringebærbygda Vik. Denne helga har vikjane og dei polske gjestearbeidarane feira dei små raude bæra under Bringebærfestivalen.

Bringebærfestivalen i Vik

KAKEKONKURRANSE: Kakekonkurransen var svært populær, og 23 kaker var med. Etter dommarane hadde gjort sitt, fekk både vikjane og dei polske gjestearbeidarane angripe kakebordet.

Foto: Arne Inge Sæbø

Og helga vart ein kjempesuksess, seier primus motor Åslaug Stadheim Ese.

– Det vart ein veldig flott kveld på fredag, og laurdag var ein fin dag i sentrum.

Rundt 150 personar, av dei rundt 50 polske gjestearbeidarar hadde møtt opp til ein variert kulturkveld i ungdomshuset i Vik på fredag.

Sang, musikk og bringebærkaker

Dei frammøtte fekk oppleve framføringar av Chopin og Grieg sin musikk. I tillegg hadde Jens Brekke og sonen laga ein musikkbukett, med polske og norske songar.

– Det var kjempestas. Nordmennene song med på norske songar, og polakkane song med på dei polske, seier Stadheim Ese.

(Artikkelen held fram under biletet)

Bringebærfestivalen i Vik

GOD STEMNING: Åslaug Stadheim Ese og Jens Brekke intervjuar produsentar og plukkarar mellom kulturinnslaga.

Foto: Arne Inge Sæbø

Etter kulturinnslaga, der ein polsk tolk omsette alt som var på norks, var det tid for kakefest.

– Det kom inn 23 kaker i bringebærkakekonkurransen. Etter dommarane var ferdige fekk publikum få laus på kakene. Det var stor suksess, seier ho.

Det var Johanna Vangsnes som vann kakekonkurransen, og vinnaren sjølv er overraska.

– Det er ei god kake, men eg hadde ikkje trudd ho skulle vinne. Det var utruleg mange spanande kaker, og mi kake såg kanskje ikkje like spanande ut som nokre av dei andre, seier Vangsnes.

NRK forsøkte å få Vangsnes til å dele oppskrifta si, men som vanleg er og som det kanskje skal vere: dei aller beste oppskriftene er ein løyndom.

– Det var veldig stas å vinne. Men det er ei spesiell kake som eg ikkje har lyst å gje frå meg.

(Artikkelen held fram under biletet)

Bringebærfestivalen i Vik

UNDERHALDNING: Tyrollerorkesteret var ein viktig del av underhaldninga på den polsk-norske festkvelden.

Foto: Arne Inge Sæbø

Integrering og promotering

Stadheim Ese kan fortelje at bringebærfestivalen, som vart arrangert for første gong, har to hovudmål. I bygda med 2700 innbyggjarar kjem 5–600 gjestearbeidarar kvar bringebærsesong.

– Det eine målet er at vi skal verte kjende med kvarandre. Geografisk er ikkje avstanden så stor mellom landa, men det er ulike kulturar og det opplever me som har det på nært hald. Då er det viktig å bli kjente, seier Stadheim Ese.

I tillegg vil dei også rekruttere fleire til å plante bringebær i Vik. Bygda står for rundt ein tredjedel av bringebærproduksjonen i Noreg.

– Vi vil ha enno fleire til å drive med dette, for å forsterke vår posisjon som bringebærkommune nummer éin. Difor inviterte me laurdag til eit seminar, der erfarne bringebærbønder fortalde om deira virke, og folk fekk sjå bringebærfelta.

Laurdag var det også musikk, torgsal og forskjellige aktivitetar i sentrum av Vik.

Bringebærfestivalen i Vik

SENTRUM: Musikk, aktivitet og bringebærsal i sentrum på laurdagen.

Foto: Arne Inge Sæbø