Hopp til innhold

Brettspela overlevde den digitale revolusjonen – desse bør du spele i påska

Mykje har blitt digitalisert det siste året, men ikkje brettspela. Dei har berre vorte meir populære som følge av pandemien.

Tre personer spiller brettspill. Bildet er tatt overfra, og viser brettet og hendene til spillerne.

BRETTSPEL: Mange tek fram brettspela i påska.

Foto: Kirsti Kringstad / NRK

– Vikingane sat og spelte brettspel mellom tokt og plyndring, så dette er ikkje noko nytt, seier Daniel Larsen.

Han er brettspelansvarleg i Spillhuset Bergen, og har spelt brettspel aktivt dei siste 30 åra.

– Spel gjev oss moglegheita til å møte kvarandre som likestilte. Ingen har større føresetnad for å vinne i Ludo enn nokon andre, fortel han.

Sjå oversikt over brettspel nedst i saka

Daniel Larsen

BRETTSPELENTUSIAST: Daniel Larsen er spesielt interessert i brettspel.

Foto: Privat

Korona-effekten varer enno

«Skaff dykk nokre gode spel, lat som de er på hytta, men bli heime», sa statsminister Erna Solberg på denne tida i fjor.

Koronapandemien og heimekarantene førte til ein auke i sal av brettspel og puslespel.

I fjor melde leverandøren av virusspelet Pandemic at dei var heilt tomme for spelet.

Laster Twitter-innhold

– Eg trur forholda gjer at me bruker enda meir tid og pengar på brettspel, seier Mona Moldal.

Ho er butikkmedarbeidar på Norli i Bergen, og har selt mange brettspel i tida før påske.

På spelebutikken Outland i Bergen fortel butikkmedarbeidar Eir Haugsbø at dei har hatt ein stor auke i etterspurnad etter tomannsspel.

– Det er nok på grunn av pandemien, og oppmodinga om å ha få nærkontaktar, seier Haugsbø.

Dei tradisjonelle brettspela sel best

Butikksjef hos Ark Sogningen, Sandra Å. Lærum, seie det er dei tradisjonelle brettspela som sel best.

– Me sel mykje av klassikarane Ludo, stigespel, Yatzy og UNO. Det trur eg er fordi dette er enkle spel som heile familien kan delta i, både store og små.

Karantenehøne spiller ludo

KLASSIKAREN: Ludo er eit spel for heile familien, også kosedyr.

Foto: Audhild Ekanger Stueland

Ho legg til:

– Selskapsspel som Alias, Late night Alias, Ryktet går og Mesternes mester har også vore veldig populære inn mot påske.

Liste over brettspelfavorittar

Klassikarane Ludo, stigespel, Yatzy og UNO reknar me med at du kjenner til frå før.

Her er nokre av dei andre spela ekspertane trekker fram som favorittar i påska.

Sherlock Holmes: Consultive Detective

Slepp din indre detektiv fri! I dette spelet får du presentert eit mysterium du må løyse sjølv, ved å følgje bevis gjennom gater og herregardar i London på 1900-talet. Du må intervjue mistenkte, søkje etter spor i aviser, og setje saman det du veit for å konkludere. Her får du utfordra dine eigne eigenskapar som utforskar og problemløysar. Dette spelet er på engelsk, og ein kan vera så mange deltakarar ein vil – også berre éin.

Sherlock Holmes: Consultive Detective

DETEKTIV: I dette spelet får du prøve deg som detektiv.

Foto: Produsent

Escape Room

Det finst fleire ulike versjonar av såkalla escaperoom-spel på marknaden. Brettspelentusiast Daniel Larsen meiner slike spel er perfekte om nokon i familien er dårlege taparar. Her er det nemleg alle mot spelet. Tapar éin – tapar alle. «Escape Room – brettspillet» vart kåra til årets spel i 2017. Her skal de løyse oppgåver slik at de i løpet av 60 min kjem dykk ut av «rommet». Inga grense for talet på deltakarar.

Escape Room

ESCAPE ROOM: Spel basert på populære «escape room», der ein vart låst inne i eit rom og skal løyse oppgåver for å kome seg ut innan gitt tidsfrist.

Foto: Identity Games

Patchwork

Patchwork er eit perfekt spel om du held deg til éin nærkontakt denne påsken. Her skal du og éin medspelar konkurrere om å lage det mest imponerande lappeteppet! Kvar spelar har sitt eige spelebrett, der dei skal lappe saman ulike lappar til eit fullstendig lappeteppe. Høyrest det enkelt ut? Kanskje ikkje. Her må ein tenkje strategisk for å vinne.

Patchwork

TOMANNSSPEL: I dette spelet skal du konkurrere om å lage finast lappeteppe.

Foto: Produsent

Ticket to ride

Både brettspeleksperten Daniel Larsen og butikkarbeidarane trekker dette spelet fram som ein favoritt. Her er det om å gjere å bygge den lengste togbana gjennom landegrenser, frå hovudstad til hovudstad, eller by til by. Spelet har vunne årets spel i Europa, og har sidan det kome ut med mange forskjellige utgåver. Her kan ein velje mellom kart over Europa, USA, London, New York, India og meir. Frå to til fem spelarar.

Ticket to ride

POPULÆRT: Ticket to ride er eit populært spel.

Cluedo

I dette klassiske mysteriespelet skal du oppklare eit mord i eit herskapshus. Spelarane si oppgåve er å finne ut kven som har utført ugjerningen, i kva rom og med kva type våpen. Dette finn ein ut ved at spelarane etter tur stiller eit spørsmål om åstad, våpen eller mistenkt til ein av sine medspelarar. Til slutt får ein nok informasjon til å oppklare mysteriet. I den nye versjonen av spelet er det også mogleg å spele med berre to spelarar.

Cluedo.

MYSTERIUM: Her skal du løyse ei drapsgåte.

Foto: Produsent

Ryktet går

Kviskreleiken på papir! Her skal ein trekke ei oppgåve, teikne ordet i si eiga blokk, før ein sender blokka vidare. Neste person skal gjette seg fram til kva du har teikna, og skrive svaret i same blokk. Nestemann igjen må så teikne det den førre skreiv ned. Slik går det rundt før blokka ender opp tilbake til deg. Kva blei det originale ordet til slutt? Familiespel med tre til seks spelarar.

Ryktet går

RYKTET GÅR: Dette spelet er kviskreleiken på papir.

Foto: Produsent