Hopp til innhold

Breheimseenteret blir som nytt

For snart eit år sidan brann Breheimsenteret i Jostedalen ned til grunnen. 1. mai 2013 skal den profilerte porten til Nigardsbreen vere oppe og gå att.

Brann på Breheimsenteret

BRANN NED: Breheimsenteret brann ned jonsokaftan 2011. No skal det gjenreisast.

Foto: Frank Optun Smedegård

Dei første stega på gjenreising vart tekne måndag då partane signerte kontrakten.

Ifølgje Sogn Avis skal 40 millionar kroner syte for at Nigardsbreen igjen skal få tilbake sin gode gamle port.

– Det blir eit heilt nytt hus innvendig. Utvendig blir alt som før, seier arkitekt Rolf Sande ved Arkitektkontoret A38 A/S, til avisa.

(Artikkelen held fram under TV-saka)

Video 84420f18-a4cd-46a8-9cf8-ba163ad6214d.JPG

SJÅ TV-SAK: Breheimsenteret totalskadd i brann.

Blir som før

Det er snart eit år sidan senteret brann ned til grunnen . Sande er også mannen bak det opphavlege Breheimsenteret frå 1993.

Ifølgje Sogn Avis skal senteret gjenreisast med same material, same tilkomst og same plassering på tomta. At senteret skulle gjenreisast i god tid til 20-årsjubileet har vore ei målsetning .

– Det er naudsynt å byggje det opp att. Det var eit karakteristisk bygg og ein arkitektur som alle likte og som fungerte, sa dagleg leiar Peder Kjærvik etter brannen.