Hopp til innhold

Brannvesenet har sløkt brann i bustadbygg i Bergen

Bebuarane i den tre etasjars bygningen i Løvstakkveien i Bergen vart evakuert. Klokka 18.35 melde brannvesenet at røykdykkarane hadde sløkt brannen.

Brann i bustadblokk i Løvstakkveien i Bergen

KJELLARBRANN: Brannen i underetasjen i bustadblokka i Løvstakkveien vart meld sløkt i 18.30-tida.

Foto: Simen Osland Romstad

– Det var kraftig røykutvikling, men ingen er skadd. Vi er glade for at det har gått bra med alle saman.

Det seier innsatsleiar Ole Marius Røttingen i Vest politidistrikt.

Bebuarar varsla politiet klokka 17.40, då røykvarslaren slo inn.

– Dei merka svilukt inne i bygningen, seier operasjonsleiar Jørgen Ommedal i Vest politidistrikt.

Brannvesenet starta med sløkking i kjellaren, der det var observert flammar og røyk. Det vart i starten også observert mykje røyk på utsida av blokka.

Omlag klokka 18.15 melde brannvesenet at dei hadde fått kontroll på brannen.

Innsatsleiar Ole Marius Røttingen i Vest politidistrikt.

INNSATSLEIAR: Ole Marius Røttingen i Vest politidistrikt.

Foto: Tony Ågotnes / NRK

Politiet starta straks evakulering av blokka, og jobba med å gjere greie for dei som bur der.

Klokka 18.40 fortel Røttingen at bygget er gjennomsøkt. Det er ikkje nokon bebuarar inne i bygget.

Tre personar er registrert som bebuarar.

Politiet har kontroll på to av dei. Den tredje bebuaren har dei ikkje fått kontakt med.

– Men vi er ikkje bekymra for om vedkommande er inne i huset, seier Røttingen.

Brann i bustadblokk på Løvstakksiden i Bergen

INGEN SKADD: Tre personar er registrert som busett i huset der det brann i kjellaren.

Foto: Tony Ågotnes / NRK

Det skal ha brent i fleire boder i kjellaren, men brannårsaka er ikkje klarlagt.

Klokka 20 melder politiet at alle tre bebuarane no er gjort greie for. Dei har fått tilbod om alternativ bustad inntil vidare.