Hopp til innhold

Knusktørt: Brannfare i store delar av Sør-Noreg

Dei siste dagane har brannmannskap i Vestland rykt ut på minst ni brannar som har vore ute av kontroll.

Skogbrann ved hyttefelt i Askvoll

BRANN VED HYTTEFELT: Laurdag rykte naudetatane ut til brann ved hyttefelt i Askvoll kommune.

Foto: Sondre Løland

Seinast laurdag ettermiddag måtte naudetatane rykke til tre skog- og grasbrannar i Vestland.

Fyrst til ein som blussa opp ved eit hyttefelt ved Herland i Askvoll.

Flammane var på eit tidspunkt mellom 300 og 400 meter frå hyttefeltet.

Hytteeigar Sissel Nygård var augevitne til at vinden gjekk riktig veg, bort frå hyttene.

– Det er ikkje kjekt når det kjem så nært på. Ein ser kor fort det kan spreie seg.

Ein time seinare måtte brannvesenet rykke ut til ein grasbrann i Austevoll. Også denne nærma seg nokre hytter. 14.30 var brannen under kontroll.

Klokka 16.20 rykka naudetatane ut til nok ein grasbrann. Denne gongen i Gulen.

Farevarsel kan bli utvida

Fredag sende meteorologane ut farevarsel om skogbrannfare i Rogaland og Vestland.

Men det er ikkje berre der det er tørt og varselet kan bli utvida til Møre og Romsdal og Trøndelag.

Det hjelp ikkje at det framleis er mykje snø i fjella.

På Sandshamn i Sande i Møre og Romsdal, har brannvesenet nyleg fått kontroll på ein utmarksbrann.

Omtrent 15 mål med mark er svidd av etter at flammar frå eit bål kom ut av kontroll.

– Det verkar som om folk er våryre og vil svi av greiner i hagane sine og rydde på eigedomane, seier vaktleiar ved 110-sentralen Paul Ola Vestre.

Han påpeiker at det ikkje er tørt nede i jordsmonnet, og at brannen dermed vil bevege seg kjapt på overflata i lyng og gras. Også på Ellingsøya i Ålesund rykte brannvesenet ut til ein grasbrann.

Grasbrann på Sandsøy i Sande

BRANN: Grasbrann på Sandsøy i Sande, Møre og Romsdal.

Foto: Sande brann- og redning

Låg luftfuktighet

Kombinasjonen av vind og lite nedbør gir gras- og lyngbrannfare i snøfrie område, særleg langs kysten.

farevarsel brann vestlandet

FAREVARSEL: Til no er det sendt ut farevarsel for skogbrann i Rogaland og Vestland kommune. Det kan bli utvida til Møre og Romsdal og Trøndelag dei neste dagane.

Foto: met.no

Meteorologane seier det truleg ikkje kjem nedbør av noko særleg slag dei neste dagane. Dermed vil faren for brann halde seg, og truleg auke.

– Det kan kome litt spreidd nedbør på kysten laurdag kveld og søndag morgon. Men det er veldig lite og det vil ikkje hjelpe, seier statsmeteorolog Magni Svanevik.

Normalt er luftfuktigheita på Vestlandet på mellom 50 og 90 prosent. No er den mellom 15 og 20 prosent.

Brann

Mange har teke turen ut denne helga, ettersom temperaturane har vore høge i vest.

I Bergen kraup gradestokken opp til 13 grader midt på dagen laurdag.

Vårleg og tørt i Bergen

VARMT: Laurdag er det 13 grader i Nygårdsparken i Bergen. Men varmen fører til tørr vegetasjon og brannfare.

Foto: Unni Nilsen

Samstundes har det i løpet av siste to dagane vore meir enn sju tilfelle av bål- og bråtebrenning ute av kontroll i Vestland, melder 110-sentralen.

– Vi har heldigvis kome tidsnok, seier vaktkommandør Lars Petter Lorvik.

Det som skjer er at vegetasjon lett kan bli antent og store område kan bli råka.

Folk som har tenkt å brenne bråte eller hageavfall blir bedne om å tenke seg godt om.

– Det skal svært lite til før det spreier seg.

Kombinasjonen av sol, varme i lufta og vind gjer forholda lumske. Han trur enkelte ikkje er klar over kor stor brannfaren kan vere tidleg på våren.

– Det kan brenne i nokre blad. Så tek vinden det med seg. Så spreier det seg veldig fort, seier han.

Refviksanden - sol og tørt

TØRT LANGS KYSTEN: Det er fine dagar ved Refviksanden i Kinn kommune. Men no er brannfaren stor langs kysten.

Foto: Chris Atle Nilssen

Ikkje uvanleg

Dei siste åra har det vore fleire tilfelle av skogbrannar på denne tida av året.

Mellom anna i Karmøy i mars 2013, der det vart sett inn brannhelikopter for å stogge brannen.

– Det er ikkje så uvanleg. Ein kan gjerne ha lange periodar med mykje tørt ver på vinteren, seier statsmeteorolog Svanevik.

Det har i tillegg vore fleire tilfelle av gras- og lyngbrannar så tidleg som i januar enkelte år.

Brann på Karmøy

BRANN I MARS: I mars 2013 vart brannen ved Karmøy så stor at det måtte settast inn helikopter.

Foto: Tore Andre Johannessen