Hopp til innhold

Mjelde går

Mons Ivar Mjelde trenar Brann ut sesongen. Så er det slutt.

Mons Ivar Mjelde

Mons Ivar Mjelde var prega av stundes alvor på pressekonferansen i kveld.

Foto: NRK

- Dette har aldri vore eit prestisjeprosjekt for meg. Eg har alltid vore ute etter å gje det beste til Brann. Men i dag sette eg meg til disposisjon, seier Mjelde på pressekonferansen tysdag kveld.

Var det riktig av Mjelde å trekkja seg? Sei di meining nederst i artikkelen.

Klubben er viktigast

- Det er klubben som er det viktigaste, presiserer Mjelde.

Mon Ivar Mjelde

Mjelde på veg inn til pressekonferansen i kveld.

Foto: NRK

Han understrekar at han ikkje har vore utsett for press i avgjerda om å gje seg.

- Det har vore vanskeleg. Det har vore smerte også denne sesongen, seier Mjelde.

Les: Sesongen som felte Mjelde

Gode minner

Han understreker at han berre har gode minner frå åra i Brann.

- Eg har gledd meg til å gå på jobb kvar einaste dag. Me har bygd ein klubb saman.

Video: Mjelde på pressekonferansen der han gikk av

(Artiklen fortsetter under videoen)

Fra pressekonferansen der det ble klart at Mjelde går av.
Denne videoen er dessverre ikke tilgjengelig. Kontakt oss dersom du har spørsmål.

Brann har slite denne sesongen, og tapsrekkja toppa seg i gårsdagens kamp mot Molde. I etterkant av kampen i Molde i går kalla Mjelde spelarane sine for illojale, noko han i dag angra på. Tidlegare i dag kom det også fram at kaptein Eirik Bakke vurderer å gje seg med kapteinsbindet.

Stått løpet ut

- Mange har reist når eit lag har gjort det dårleg, men det har aldri vore mi hensikt. Det ville vore feigskap å stikka av, seier Mjelde.

Mons Ivar Mjelde
Foto: Hommedal, Marit / SCANPIX

- Det er ingenting eg ynskjer meir enn at Brann skal koma attende i 2009-sesongen.

Leiinga støtta Mjelde

- Me kunne godt tenkt oss ein betre sesong enn denne, men me kappar ikkje hovudet av folk som jobbar for oss, sa styreleiar Magne Revheim.

Revheim tykkjer det er trist at Mjelde forlet klubben.

- Me må tola nederlag, og no skal me sjå framover, sa Revheim.

Hovudansvaret for at sesongen har blitt som den har blitt, tok sportsleg leiar, Roald Bruun-Hansen på seg.

Roald Bruun-Hansen

Sportsleg leiar Roald Bruun-Hansen.

Foto: Karl Petter Vårdal

Honnør

- Eg vil gje honnør til Mons for måten han har takla dette på, seier sportsleg leiar Roald Bruun-Hansen.

Han fortel at trenar og spelagruppe har stått saman før, under og etter tunge kampar.

- Me håpar me kan få til ei god avslutting på 2008-sesongen. Me aksepterer Mjelde si avgjerd, seier kaptein Eirik Bakke på pressekonferansen.

Trøblete sesong

Brann har tapt poeng mot alle dei fem dårlegaste laga i eliteserien i år. Og fansen har fleire gonger krevd Mjelde sin avgang. Han har tidlegare sagt at det ikkje er hans ansvar å vurdera si eiga stilling.

- Det har vore nokre oppturar, men også nokre tap som har vore uforklarlege. Eg må sjølvsagt ta ansvar slik at klubben kan ta nye steg. Dette var ei samla vurdering, fortel Mjelde.

- Me har ein grei avtale på korleis mitt tilsettingsforhold skal sluttførast, seier han.

Suksessfull karriere

Mons Ivar Mjelde kom inn i trenarapparatet til Sportsklubben Brann i 2001. Same år la han opp som spelar. To år etter vart han hovudtrenar i bergensklubben. Sidan den gong har mannen frå Osterøy leia klubben til medaljeplasseringar i eliteserien og norgesmeistrar i 2004.

Brann-trener Mons Ivar Mjelde under eliteseriekampen mot Lillestrøm

Mjelde er eit engasjert innslag på sidelinja.

Foto: Larsen, Håkon Mosvold / SCANPIX

I fjor vart Brann seriemeistrar og Mjelde fekk Kniksenprisen for trenarbragda. Han vart i tillegg krona med tittelen "Årets trenar" frå Trenarforeningen.