Hopp til innhold

Brann starta truleg i andre etasje

Politiet trur brannen på bensinstasjonen på Sande i Gaular starta i andre etasje.

Fekk kontroll på brannen

BRANN: Det gjekk fleire timar før brannvesenet følte dei hadde kontroll på brannen på bensinstasjonen på Sande.

Foto: Steinar Lote / NRK

Etterforskinga av brannen på Best-stasjonen på Sande måndag gjer at politiet meiner det er mest sannsynleg at brannen starta i andre etasje av bygningen.

– Basert på vitneobservasjonar trur vi brannen har starta i overetasjen på bygningen, seier etterforskingsleiar Knut Hansen ved Førde lensmannskontor til NRK.no.

Hansen presiserer at dei ikkje har konkludert med verken brannårsak eller kor brannen starta.

Observerte røyk frå andre etasje

To dagar etter brannen kan politiet framleis ikkje seie noko om brannårsaka, og dei veit heller ikkje noko sikkert om kor brannen starta.

I andre etasje av bygningen er det ei større leilegheit, ein mindre hybel og nokre lagerlokale. Det er frå denne etasjen det først vart observert røyk, noko som gjer at politiet reknar med at brannen starta her.

Ikkje noko straffbart

Onsdag vil politiet saman med ein ekspert frå eit elselskap gå gjennom branntomta. Ein spesialetterforskar frå lensmannskontoret i Førde er send ut og vil saman med eleksperten gjere ei åstadgransking.

– Ein vil prøve å finne ut kor det byrja brenne og korleis. Dette er alltid ein vanskeleg jobb, men det er ikkje umogleg, seier Hansen.

Han seier det er svært vanskeleg å seie noko om kor tid politiet finn brannårsaka.

– Førebels trur vi brannen har ei ukjend teknisk årsak. Vi har ikkje noko mistanke om at det har skjedd noko straffbart, seier Hansen.