Hopp til innhold

Brann såg på Førde-spelar

Speidarar frå Brann sat på tribunen då Førde møtte Fana i 2. divisjon laurdag. Midtbane-talentet Ruben Holsæter skal no vere i både Brann og Sogndal sitt søkjelys.

Ruben Holsæter

TALENT: 19 år gamle Ruben Holsæter har market seg på Førde si midtbane. Det har fleire klubbar fått med seg.

Foto: Rune Fossum / NRK

Brann-speidar Robert Hauge skal før kampen ha gitt Sunnfjord-klubben melding om at han skulle vere til stades Nesttun idrettsplass.

Fleire Brann-profilar

Førde-trenar Knut Erik Folland stadfestar overfor firda.no at Førde har blitt kontakta av agentar og speidarar om midtbanespelaren Ruben Holsæter i det siste.

– Det er tydeleg at fleire har blitt klare over den utviklinga Ruben har hatt det siste året, seier Folland til avisa.

Folland registrerte sjølv Brann-profilar som Kjell Tennfjord og Åge Skjeldestad på sidelinja i kampen der Førde sikra seg årets trepoengar på framand gras.

– Held 1. divisjons-nivå

Knut Erik Folland

STADFESTER INTERESSE: Førde-trenar Knut Erik Folland har fått fleire telefonar frå agentar som vil forhøyre seg om talentet Ruben Holsæter.

Foto: Rune Fossum / NRK

Holsæter vart matchvinnar då han sette inn det avgjerande 2-1-målet for Førde.

Førde-trenaren meiner midtbanespelaren er rusta for større utfordringar enn 2. divisjon.

– På det nivået Ruben Holsæter har vore denne sesongen, held han 1. divisjons-nivå så det held, seier Folland til Firda.

Førde-trenaren veit ikkje om noko konkret vil skje før sommarens overgangsvindauge stengjer 1. september.

Spelte for Sogndal i sommar

Også Sogndal i lengre tid vist interesse for Holsæter. Han trent med klubben og då Sogndal møtte Brann til den årvisse treningskampen i Eikefjord tildegare i sommar, fekk Førde-spelaren 20 minutt som innbyttar for sogndølene.

Sjøl freistar 19-åringen å ikkje la seg påverke av interessa frå dei store vestlandsklubbane.

– Det er kjekt, men eg har ikkje brydd med så mykje om det, seier Holsæter til firda.no.

Fire sentrale Brann-spelarar har kontraktar som går ut etter sesongen. Eirik Bakke er sterkt linka til Sogndal, Jan Gunna Solli kan vere på veg til New York, og Petter Vaagan Moen har framleis ikkje signert ny kontrakt.