Hopp til innhold

Tok sin første siger på bortebane

Bortesvake Førde tok sin første siger på framand gras og skaffa seg ei viktig luke frå nedrykksstriden då dei slo Fana laurdag ettermiddag

Ruben Holsæter

Ruben Holsæter skåra 0-2-målet like før slutt.

Foto: Rune Fossum / NRK

Det første målet kom etter om lag 20 minutt då Kim Tangedal slo eit hjørnespark som Fana-målvakta klarte å slå i eige nett. 0-1 var også stillinga ved pausen i 2. divisjonsoppgjeret.

Holsæter skåra

Like før slutt sette Ruben Holsæter ballen i mål og dermed stod det 0-2. Rett før dommaren bles av kampen, klarte Fana å redusere til 1-2 som vart sluttresultatet.

Førde-trenar Knut Erik Folland seier at denne sigeren var viktig for laget.

– No har vi klart å snu ein negativ trend. Vi fekk med oss tre viktig poeng og vi har no to sigrar på rad. Det betyr mykje for oss.

Soldid 1. omgang

Han fortel om ein solid førsteomgang, men seier dei sleit meir etter pausen.

– Halvveges ut i omgangen klarte vi å rette oss opp att. Ruben skåra rett før slutt, og tre minutt på overtid fekk Fana eit mål. Men vi vann og det var fortent.