Brann raskt under kontroll

Brannmannskap fekk raskt kontroll på ein husbrann i Stryn sentrum i går kveld. Brannen vart meldt ved 23-tida og i følge Fjordingen oppstod den i kjellaretasjen. Det var ein nabo som varsla brannmannskapet. Mannskap frå Olden og Hornindal vart kalla ut for å bistå.