Hopp til innhold

Finne-show då Brann slo Haugesund i eliteseriereturen

Det blei fest på Brann Stadion då Brann møtte Haugesund i sesongopninga. Kampen enda 3-0.

Bård Finne, Brann-Haugesund

Bård Finne scora to mål mot Haugesund.

Foto: Bjørnar Morønning / NTB

Brann Stadion var fullsett og det var fest i Bergen då Brann møtte Haugesund i eliteseriereturen måndag kveld.

Festen tok seg enda meir opp då Brann fekk straffespark 30 minutt ut i første omgang. Bård Finne blei felt i 16-meteren og Sivert Heltne Nilsen sette straffa til 1-0 til heimelaget.

Berre tre minutt seinare sikra Bård Finne sjølv det andre målet til bergensarane.

Haugesund kom også til eit par moglegheiter i første omgang, men Brann leia fortent 2-0 til pause.

Brann stadion 10. april 2023

God stemning på Brann Stadion før kampen mot Haugesund.

Foto: Bjornar Morønning / NTB

Finne med mål nummer to

Brann opna sterkt også i andre omgang. Få minutt ut i andre omgang scorar Bård Finne sitt andre mål i kampen etter pasning frå Frederik Børsting.

Kampen enda dermed 3-0 i favør på Brann Stadion.

For Brann-keeper Mathias Dyngeland vart ikkje kampen berre gledeleg. Dyngeland måtte bytast ut etter at han fekk ein tommel ut av ledd.

Om det skulle vise seg å vere brot, vil det ta seks veker. Viss ikkje er det berre å teipe, fortalde Dyngeland til TV 2 på veg til røngten.

Brann-Haugesund 10. april 2023

Brann-spelar Ole Didrik Blomberg i duell med Peter Nysted Therkildsen i eliteseriekampen i fotball mellom Brann og Haugesund på Brann stadion.

Foto: Bjørnar Morønning / NTB

Meiner Brann tek medalje

Før kampen uttala NRKs fotballekspertar Åge Hareide og Carl-Erik Torp at det blir medalje på brann i Eliteserien i år.

– Denne Brann-utgåva er noko så sjeldan som solid, meiner Torp.

I 2016 blei det sølv i eliteseriecomebacket. I år tippar han Brann tek bronsemedalje i Eliteserie-returen.

Det gjer også Hareide, som har late seg imponere i sesongoppkøyringa.

– Laget har imponert i treningskampar, feia over all motstand i cup og treningskampar, meiner Hareide.

– Dei spelar med høg intensitet og god bevegelse, og dei er sterke offensivt på siste tredjedel.

Fekk orden på VAR

Alt i første serierunde var det problem med VAR-systemet i eliteserien. Signalproblem førte til trøbbel på tre stadionar då norsk fotball tok i bruk videodømming.

Også på Brann Stadion var systemet nede før kampen mot Haugesund, men det kom i drift før start.

– VAR er oppe og går og alt fungerer som det skal, sa kampdelegat Kjetil Næs til NRK 15 minutt før kampstart.