Hopp til innhold

Brann lek som ei sil

Slepp inn nesten alt.

Håkon Opdal

Ein oppgitt keeper Håkon Opdal meiner han ikkje får nok forsvarsstøtte.

Foto: Larsen, Håkon Mosvold / SCANPIX

13 baklengs på dei fire siste seriekampane. Det er fasiten for eit vaklande Brann-forsvar etter 4-3-tapet mot Start i går.

Keeper Håkon Opdal tok tapet mot Start svært tungt etter fire nye baklengsmål mot Start i går.

–Eg er eigentleg heilt oppgitt og det er heilt frykteleg seier Opdal.

Får ikkje hjelp

På dei fire siste kampane har han måtte plukka 13 ballar ut av eige mål. Brann-keeperen meiner han får for lite hjelp av dei framfor seg på bana.

– Når dei nærmar seg mål, så skal motstandarane helst vera under press. Og det går litt igjen at dei ikkje er det, seier keeperen.

Må ta utfordringa

I går skåra Start på dei fire første målsjansane sine. Men Steinar Nilsen har få svar på kvifor Brann-forsvaret lek som ein sil. Han har berre to dagar på å finna grunnen. Allereie onsdag møter Brann Rosenborg på Lerkendal.

Steinar Nilsen

Branntrenaren har liten grunn til å applaudere.

Foto: Solum, Stian Lysberg / SCANPIX

– Dersom ein ser på fire av kampane våre i år, så er det vel litt symptomatisk akkurat det at mostandaren treng veldig få sjansar for å skåre, seier Nilsen.

– Me har to ting me kan gjere. Det eine er å grave seg ned, og det andre er å ta det her som ei stor utfordring, seier han.

Og Keeper Opdal vel det siste.

– Me har jo ikkje så god tid me kamp på onsdag, så me må riste det av oss og sjå framover, seier han.