Det var med eit svært godt utgangspunkt at brannkvinnene tok imot Glasgow City på heimebane.
For ei veke sidan knuste Brann det som har vore Skottland sitt beste lag dei siste 20 åra.
Glasgow City – Brann: 0–4.
I returoppgjeret på Brann Stadion onsdag kveld vart det ikkje like målrikt, men med 6–0 samanlagt er raudtrøyene historiske:
Dei er det første norske laget som er kvalifiserte til gruppespelet Meisterligaen, også kjend som Champions League.
– Det er historisk. Ingen norske lag har kome inn i Meisterligaen slik det formatet er no, sa Bernt-Erik Haaland, Bergensavisen sin ekspert på kvinnefotball, før kampen.
Stjernetreff i krysset
Brann starta lovande og pressa på frå start. Allereie etter seks minutt fekk Rakel Engesvik sett ballen i mål, men dommar Marta Huerta De Aza blåste av for hands.
Etter knappe 20 minutt hadde Glasgow framleis ingen avslutningar, og slik heldt det seg store delar av kampen.
I det 34. minuttet skåra Martine Østensen for heimelaget: På snaue fem meters hald pirkar ho ballen enkelt i nettet.
– Det var deileg å sjå at han gjekk inn, seier ho etter kampen.
Brann nærmar seg gruppespelet i Meisterligaen.
Foto: Tuva Åserud / NTBEtter det vart det aldri den heilt store spenninga på stadion. Brann kontrollerte kampen utan at det vart dei heilt store sjansane for nokon av laga.
Men så, like før slutt, dundra Nora Eide Lie eit stjernetreff rett i krysset. Frå vel 20 meter set ho eit endeleg punktum for kvalifiseringskampane.
Det vart ikkje same overkøyring som i Skottland førre veke, men med 6–0 samanlagt er Brann klare for Meisterligaen.
– Det betyr mykje for Brann, men det betyr også mykje for Noreg, seier fotballpresident Lise Klaveness etter kampen.
– Heilt enormt stort
– Eg trur det blir ein mykje jamnare og tøffare kamp enn det blei i Glasgow, men me er førebudde, sa vikarkaptein Ingrid Stenevik før kampen.
Også Vålerenga kan kvalifisera seg. Etter eit 2–1 tap i Spania, har dei besøk av Real Madrid i Oslo.
Martine Østengård sender raudtrøyene i leiinga på Brann Stadion.
Foto: John Inge Johansen / NRK– Kor stort er det å koma til gruppespelet?
– Det er heilt enormt stort. Då kan du risikera å møta Barcelona, Bayern München, Manchester United – du kan få dei verkeleg store namna. Det er det største du kan oppleva på klubbnivå på kvinnesida, på same måte som for herrane, seier kvinnefotballekspert Haaland.
Tidlegare Brann-spelar og NRK-ekspert Carl-Erik Torp meiner sigeren er viktig for norsk kvinnefotball.
– Kvinnefotball har falle litt bakpå. Me har ei stolt historie, men om me får plass i Champions League ser eg på det som ein eigen prestasjon, seier Torp.
Carl-Erik Torp er ikkje bekymra for at Brann ikkje kjem inn i Meisterligaen.
Foto: Julia Marie Naglestad / NRK– Trur ikkje dei veit kva dei har i vente
Då Brann besøkte Glasgow på heimebane førre veke, spelte dei på ein stadion som ikkje berre er mindre enn Brann Stadion, men også mindre enn Stemmemyren, der brannkvinnene vanlegvis spelar kampane sine.
Rundt 800 supporterar hadde møtt opp.
– Våre 30 supportarar laga mykje meir liv enn det dei andre 800 gjorde. Eg trur ikkje dei veit kva dei har i vente, sa Stenevik før kampen.
Ingrid Stenevik etter kampen.
Foto: Tuva Åserud / NTBOg til returoppgjeret selde Brann over 6800 billettar.
– Me syns jo det er veldig kjekt at folk har lyst til å koma på kamp og støtta oss inn i den avgjerande kampen i denne kvalifiseringa. Det er klart det betyr mykje for oss, sa Stenevik, som kallar brannfansen «litt galne».
Må spela Meisterliga på reservearena
Men sjølv om Brann skulle trekkja dei verkeleg store namna i gruppespelet, så er det ingen sjanse for å få sjå verken Real Madrid, Bayern München eller Manchester United på Brann Stadion med det første.
Der skal nemleg grasmatta bytast ut. Meisterligaen må derfor spelast på Åsane Arena.
– Det er jo sjølvsagt litt kjedeleg at ein ikkje får flaumlys og festkveld på Brann Stadion. Det trur eg alle hadde håpa på, seier Torp.
– Men det kan bli fine rammer på Åsane arena også. Det er synd, men det er berre sånn det er. Det er inga krise sportsleg.
Gruppespelet blir trekt førstkomande fredag.
– Det blir veldig spanande. Det hadde vore kjekt å møta Barcelona, for opplevinga og eventyret, seier Stenevik.
Her på Åsane Arena kan Brann møte store lag som Real Madrid og Manchester United.
Foto: Linnea Skare Oskarsen / NRK