Brann i hus i Sveio
Politiet meldte først om eit uthus/driftsbygning som blei nedbrent i Sveio natt til søndag, men det skal vere eit våningshus som brann. Politiet har vore i kontakt med eigaren som var på Stord. Ingen personar blei ramma av brannen. Det er ukjent kva som skuldast brannen, som blei oppdaga av ein forbipasserande båt.