Hopp til innhold

Har sløkt brann i rekkehus i Bergen

Nabolaget vart evakuert då det byrja å brenne i eit vaskerom i eit rekkehus i Bergen.

Måndag morgon vart det meldt om brann i ei leilegheit i eit rekkehus på Slettebakken i Bergen. Det var lenge spreiingsfare på staden, og alle bebuarane i rekka blei evakuerte.

– Den aktuelle leilegheita er godt skadd, seier innsatsleiar i brannvesenet, Hans Petter Nilsen.

Brannen vart meldt til naudetatane klokka 06.45. Det var lenge spreiingsfare, men like over klokka 8 hadde brannvesenet kontroll.

Klokka 08.30 var brannen sløkt.

Utover formiddagen jobbar dei med varmesøkjande kamera for å kjøle ned enkelte punkt i huset. Dei kjem til å jobba utover føremiddagen med ettersløkking.

Starta på vaskerom

Fleire naboar blei evakuerte ut frå bygningen.

Dei to næraste naboane til leilegheita som brann må truleg vente før dei kan flytte tilbake, medan resten av naboane truleg kan flytte heim med det same.

– No har me fått god effekt av sløkkingsarbeidet, fortel vaktkommandør Helge Lund ved 110 Vest.

Klokka 08:05 melde brannvesenet at brannen er under kontroll og at skaden i stor grad har blitt avgrensa til ein seksjon.

Brannvesenet pumpar luft inn i naboleilegheitene for å lage overtrykk og unngå røykskade.

Dei som bur i huset evakuerte seg sjølve på morgonkvisten.

– Dei var vakne og heime dei som var der, seier innsatsleiar Nilsen.

Det er ikkje meldt om skadde personar i brannen som førte til ei kraftig røykutvikling i bustadområdet.

Slettebakken Brann

Det er for tidleg å seie så mykje om skadeomfanget, men brannvesenet har forsøkt å avgrense skadeomfanget til ein seksjon, fortel Helge Lund, vaktkommandør ved 110 Vest.

Foto: Benjamin René Dyrdal / NRK

– Med sånne rekkehusbrannar er det fare for at det spreier seg vidare i rekka. Så me brukte litt tid på å forhindre at det gjekk til takkonstruksjonen i nabobygga. Brannskiljet mellom heldt tett, det var bra, seier Nilsen.

Fleire naudtelefonar

– Det er ein god del røyk, fortalde vaktkommandør Lars Petter Lorvik ved 110 Vest før brannen var sløkt.

Det var bebuarar sjølve som melde frå om brannen.

– Det var fleire naudtelefonar inne på same tid, både frå dei som budde der og frå vitne, fortalde operasjonsleiaren i politiet i morgontimane

Delen av rekkjehuset som brann har seks leilegheiter over 2,5 etasjar. Brannen var avgrensa til ei leilegheit.

Det var eit trehus som stod i brann og det var stor fare for at det skulle spreie seg til nabobygga i byrjinga.

– Det var god varme då me kom her i starten, brannvesenet fekk kontroll på det ganske kjapt, fortel Nilsen.

Naboleilegheiter og tilstøytande bygg blei evakuerte på grunn av røyk og fare for spreiing.

Slettebakken Brann

Alle naudetatar rykka ut då det byrja å brenne.

Foto: Benjamin René Dyrdal / NRK